Bilete frå Lindås bygdebok

Bilete samla inn i samband med Lindås bygdebok
Søkte filer - "gnr.106"
0394.jpg
Gnr.106/6. Gullbrudeparet Gjertrud og Lars Kolås utanfor pensjonatet på Lindås. 1956.
0395.jpg
Gnr.106/6. Bak frå venstre: Gustav Syslak, Ragna, Nilla gift med Gustav. Framme frå venstre: Marit, Lars Hogne, Lars Kolås med Margunn Gustavsdtr. Syslak på fanget, Valborg g. Syslak og Johannes Syslak. År 1963
0396.jpg
Gnr.106/6. Framme frå venstre: Valborg Kolås 18 år, Gjertrud Karlsdatter Holmås 43 år, Kåre 7 år, Lars Anderson Kolås 39 år med Leiv 1 år på fanget. Bak frå venstre: Oddlaug 18 år, Dagrunn 10 år, og Arnvald 13 år.
0477.jpg
Gnr.106/14. Avbilda stad Bergen. Storebussen på festplassen i Bergen. Under krigen 1940-45 var det lite bensin å få tak i. Dei prøvde med vedgass ein ovn, kalla generator, vart montert bak på bussen då det var bensinmangel. Omnen var 2m høg og 2 sekker ved fekk plass i den. Veden vart kappa opp i småbitar ca. 7 cm. I alle variantar. Desse vart kalla knott. Treslaget som var best var older. Det kunne brukast bjørk, men den var ikkje like godt egna då det vert meir tjære då. Desse generatorane vart sette opp på fleire bilar etterkvart som det vart mindre bensin i handelen. Motoren drog ikkje godt med denne vedgassen. 1943-44
0478.jpg
Gnr.106/14. Familiebilde. Frå v.: Maria Fanebust f. Fjellanger, Ottar Fanebust, Turid Britt Kålås f . Fanebust og faren Hjalmar Fanebust. Ca.1946
0479.jpg
Gnr.106/14. Familiebilde. Frå v.: Giske Vivi Fanebust, Karin Liv Fanebust f. Olsnes, Ottar Fanebust med Knut på fanget, og Frode Fanebust År 1967
0480.jpg
Gnr.106/14. Hjalmar Fanebust i Oslopolitiet ansatt på Grønland. År 1919
0482.jpg
Gnr.106/14. Ved Fensfjorden. På veg til Bergen med ”Høvding”. Frå v.: Gerhard Leirvåg og Hjalmar Fanebust. Mannen som fører Høvding er Botolv Tykhelle. Bilen er godt surra for ikkje å fara på sjøen. Var ikkje komen bilferje. Siste privatbilen til Hjalmar Fanebust. År 1928
0484.jpg
Gnr.106/8. Fanebustsjøen. Den første ferja mellom Masfjorden og Lindåslandet gjekk frå Fanebust. Seinare var det frå Sævråsvåg. Ottar Fanebust skal her med ferja ferja frå Fanebustsjøen til Solheim. I samband med samkjøring med Fylkesbåtane Sogn og Fjordane. Etter 1945 (1955?)
0485.jpg
Gnr.106/14. Ottar Fanebust kjører kjølevogn. Kjørte fiskemat frå Byrknes til Oslo for NKL-lageret og S.lageret og til Fredrikstad Stoler Jakobsen. Av og til til Gjøvik med denne kjølevogna.
191 filer på 20 side(er) 1