Lindås bygdeboknemnd

Biletsamling

Bilete pr.gnr

Lydfiler

Artiklar

Anna arbeid

Kontakt

I tillegg til biletsamlinga har nemnda ei samling med lydopptak med eldre i bygda tekne opp i tida frå 2002 til 2006, og er no i gang med nye intervju. Liste over kva som finst av slike vil og koma på heimesida.


Av andre saker nemnda arbeider med nemner me:

* Verving av nye medlemmer
*Organisering av arbeidet i grupper
* Prøvestart med forum for interesserte i slektsgransking
* Få ut stoff frå samlingane våre til publikum

Her kjem nokre tankar me i nemnda har gjort oss om verdien av å samla stoff om fortida:
Mange harde lagnader kan skimtast bak årstala i Bygdebok for Lindås, frå ei tid der kampen for tilværet var noko dei fleste kjende på kroppen, også i våre bygder. Kanskje ligg her stoff til både romanar, filmar og slektssoger for dei som kunne nytta seg av det? (Føreord band 3)


Menneske som har levd ei stund, sit inne med ein enorm kunnskapsbase, som dei og berre dei kan bringa vidare. Dei er tidsvitne om ein levemåte som er fjernt frå det ein ser i dag, og dei kan fortelja om resursnytting og nøysemd, men og om vågemot og storslegne samkomer når det høvde. Spør dei, og la deira forteljingar gje ekstra liv til stoffet i boka. Bruk boka, karta i ho og bileta, tabellane og oversyna som inspirasjon til dykkar eiga historiebok!