Lindås bygdeboknemnd

Biletsamling

Bilete pr.gnr

Lydfiler

Artiklar

Anna arbeid

Kontakt

Strilen, 26. jan. 1962:

Ein veteran

August Flannes heiter han og er ein vel kjend mann i Hundvingrend, der han har vore busett på Vik i vel 42 år. Han er no snart 93. Eg tok meg ein tur opp til han ein dag, tenkte eg skulle få fretta litt frå dei fyrste femti åri hans, då han vanka so vide i verdi, men han var lite huga å fortelja noko til blad. Det var så lite han hadde fenge ut av livet sitt, tykte han, slett ikkje noko å skriva om.

Litt etter litt fekk eg då lokka ut av han eitt og anna og det må eg seia, at det var eit mykje forvitneleg livslaup eg fekk høyra om. Ikkje mange hev fare so vide og sett so mykje av verdi som denne mann. Heller ikkje er mange so lekams og åndsfriske som han i so høg alder.

Han er fødd på Ørlandet ved Trondheim 29. april 1869. Faren døydde før han var fødd og mori flytta fyrst til Molde og seinare til Bergen med han. Han var då 2 år. Eit barnlaust ektepar frå Leivestad i Alværsund tok han då til seg og hjå dei voks han då opp som sonen i huset. Då han var konfirmert, gjekk han ein vinter på Nordhordlands amtskule som den tid heldt til på Våge i Lindås. Eit par år seinare døydde fosterfaren hans og har laut då overta bruket «Søgarden» på Leivestad. Garden låg i den tid mykje avsides og var mest veglaus, so det freista ikkje ein ungdom til å slå seg til der. Han pakta difor garden bort i 5 år til ein Johannes Trælandslid som var gift med syster åt fostermori hans. Sjølv søkte han seg inn på kavaleriets under offiserskule, der han gjekk i mest 2 år, men laut slutta på grunn av ein kneskade han fekk. Seinare søkte han seg inn i sanitetskorpset, der han tok sersjanteksamen og gjorde tenesta i 2 år. Men stillingen var uløna utanom den tid han var innkalla til tenesta om sumaren, so han slutta og tok istaden arbeid hjå bokhandlar Tollefsen i Bergen, og for han reiste han då som kolportør landet rundt frå Tistedalen i sør til Kautokeino i nord. Men fortenesta var liti berre 2 % av omsetnaden. I 1894 selde han garden på Leivestad og reiste til Amerika, som i den tid stod ope for tiltaksom ungdom. Her arbeidde han på ymse stader i nokre år, men so kom krigen med Spania og han gjekk inn i den amerikanske arme som trong folk og løna var bra. Fyrst gjekk turen til Cuba, men der hadde då krigen rast ei tid, so etter berre 2 månader var det slutt.

Dei vart då sende til Filipinerne, som på den tid og stod under Spania, og der var striden hard mange gonger Sjølv vart han såra, men slapp då frå det med livet. Dei kvite der var katolikkar, og der var svært mange kyrkjer og kloster der med sine prestar, munkar og nonner. Desse sette dei innfødde opp mot amerikanarane som vart rekna for heidningar, og der var mykje strid berre av den grunn. Ei tid var dei og oppe i China — under det sokalla Boxer-opprør — og mange opplevingar hadde han der. Men elles var det no mest på Filipinerne dei heldt til, og der han var til krigen var slutt.

Han var i armeen i 11 år, det meste av tidi som offiser, men so slutta han og tok seg arbeid hjå det verdskjende Singer symaskin Co. og for dette firma reiste han då landet rundt i fleire I år. Men so kom ryktene om dei store gullfunn oppe i Clondyke og Fairbenks i Alaska og ein straum av eventyrarar sette då kursen dit opp. Millom disse var og August Flannes. Saman med ein engelskmann kjøpte dei seg utstyr og drog den lange veg oppover, fyrst med båt til Haines i Sør-Alaska, so tilfots gjennom det vidgjetne Chilkoot-passet opp til den veldige Yokonelvi, og so med elvebåt vidare mot nord til gull-landet. Det vrimla av folk der alle stader, men gullet låg no ikkje i store klumpar oppe i dagen so dei berre kunne fylla ryggsekkene sine å dra på heimveg. Det låg helst djupt i jordi, og det skulle mykje boring og reidskap til for å få det fram. Både han og engelskmannen tok seg «claims», men hadde ikkje i midlar å setja igang graving, so dei selde lutene sine til eit større «consern» som sette igang drift. Noko sers utbytte hadde dei ikkje av turen for utstyr og reis kosta mykje, og eit endelaust slit var det å ta seg fram.

I 1912 var Flannes ein tur heime i Noreg og vitja dei gamle stader frå barndomsåri. Men året etter reiste han attende og denne gong busette han seg i Juneau, Alaska, der han kjøpte seg hus.

I 5 - 6 år dreiv han som handelsreisande for eit jødefirma, og då tente han bra. Det var serleg i gullgravarstadene han heldt til, og der var det alltid spurlag etter klede og utstyr av mange slag. Han gjekk under namnet «Jøden» der oppe og fekk eit godt innblikk i gullgravarane sine harde og vanskelege kår. Ein og annan gjorde det bra, men dei fleste sleit seg ut i armod og mange let livet sitt der.

I 1919 sette so Flannes kursen mot heimlandet og denne gongen for å slå seg til. Han vart same år gift med Berta Andersdotter Vik som var jordejenta, og då far hennar var gamal, fekk han snart etter garden. For å vera ein som ikkje hadde drive med gardsbruk sidan han var ung, var det hugnad å sjå kor godt han stellte gard og buskap og kva skikk han fekk på alle ting. Sjølv ein ting som skogplanting, som ikkje var vanleg i dei dagar, hadde han sans for, og ei vakker skogli på mange tusen plantar av gran og fura står no oppe i lii og fortel om det. Ekteskapen var barnlaus og den varde heller ikkje so lenge. Alt i 1933 døydde kona hans og nokre år etterpå laut han lata garden frå seg. Eit sermerke for mannen var at han då ikkje tok undan kår, noko mange hev undra seg over. Han bygde seg eit lite hus som han flytta inn i og der hev han stellt seg sjølv sidan.

Diverre tok synet til å svikta i 70 - åri, og ei tid var han blind. Men etter ein operasjon fekk han noko av synet attende, men ikkje so mykje at han kan lesa. No er det berre radioen som bring nytt frå utanverdi og den brukar han flittig. Han føl merkeleg godt med alt som hender og hev ein vid horisont. Garden hev skifta eigar 3 gonger sidan han let han frå seg, og noverande eigar let han svært vel over. Utan at dei hev plikt på seg, hjelper dei han på mange måtar og han er mykje takksam. Av alle dei stader han hev fare er det ingen stad han hev lika seg slik som på Vik. Her fann han endeleg - som Peer Gynt - sin keisardom.

Dette var i store trekk litt av ein manns livslaup. Du tykkjer kanskje at det er utan interesse. Eg meiner det motsette. Ein mann som hev sett so mykje av verdi og opplevt so mykje av livsens store eventyr, fortenar litt meir honnør enn den som måtte verta gjeven han i gravferdstalen. Det skal både vågemot og mannskraft til dei mange og lange ferdene han hev teke, og som syner at det hev vore godt to i denne guten frå Ørlandet. Endå hev han sin rake militære holdning når han går etter vegen, og tanken er klår trass i den høge alderdomen.

PER HUNDVIN