Lindås bygdeboknemnd

Biletsamling

Bilete pr.gnr

Lydfiler

Artiklar

Anna arbeid

Kontakt

Frå ein artikkelserie i Strilen i 1976, av signaturen A
Stubbar om prost Hveding og Ivar Kårdal og litt meir

Artikkel 2.


Ein gong hadde Hveding lova venene sine bukkesodd neste gong dei kom i gjestebod til
prestegarden. Det var ein original og mykje sjeldan kost for storfolk. Ein sundag han preika med
Sandnes, tinga han ein bukk hjå ein mann i Masfjorden. Men det varde og rakk, og korkje mannen
eller bukken kom. Derimot kom gjestebodsfolket med dampen laurdagskvelden. Dei skulle reisa att
sundag kveld. Om det var veret som hadde hindra masfjordingen, eller det var eitkvart anna, det er
vondt å vita. Truleg har han tenkt som so, at han kunne reisa til Lindås med bukken sundag. Då
hadde han dei beste stundene til slikt. Dessutan fekk han høyra preiki og helsa på kjendsfolk attpå.
Noko bråhast hadde det vel ikkje med denne bukketraven. Nok er det, at sundag rodde
masfjordingen over fjorden til Fanebustsjøen. Og so kom han leiande med bukken og for smilande
framom kyrkja - der folket stod og glodde - og bort i prestegarden. Der stod presten ferdig til å gå i
kyrkja. (Hveding kledde alltid kjolen på seg heime før han gjekk den korte vegen bort til kyrkja).
No var gode råd dyre. Bukkeslakting på sundag det høyrer ikkje nett nødvendighetsgjerninger til
som ei kan oppsettes», som det stod i «Pontoppidans Forklaring» Men på den andre sida, so var her
«formildende omstendigheter». Ein skal halda det ein har lova venene sine. Aller helst når dei står
rundt om og ser på. Og ein skal vera ein god vert for gjestene sine. Her var ikkje lang tid til
funderingar heller. Truleg hadde den gode presten og den gode verten ein kort, men hard strid seg
imellom. Det vart den gode verten som vann. Han sette drengene til å slakta bukken, og tausene
fekk ordre om å koka soddet. So gjekk han i kyrkja. (Det var alltid to drenger og to tauser på den
store prestegarden den tid).


Han Ivar i Kårdalen stod mellom kyrkjefolket den sundagen og. Han hadde som ein tokke av kva
som gjekk for seg i prestegarden (og som han seinare fekk vissa for). Og so dikta han visa om dette
og. Ogso denne visa er på klokkardansk og går til ein kjend salmetone. Det er nok for å få fram
motsetningane her og. Og so for å få det retteleg spitigt. Han Ivar og Hveding var gode vener. Men i
dette høvet tykte han at den gode presten var litt for «matnyttig» og altfor gjestfri. Det laut vera
måte med alt. Han ville gjeva presten ein liten snert. Og ingen kan seia anna enn det var ein sneppen
snert han gav. Eg har berre høyrt eitt vers. Truleg har det ikkje vore fleire heller.


En mand til kirken kornmer glad. En bukk ved hånden ledes.
Den var bestemt til middagsmad, alt hos en prest at edes.
Mens presten bad et hjertesukk, da sattes kniven i en bukk.
Den var udi stor våde. Da presten opp på stolen skred,
da sparket bukken hårdt og skreg: Bæ-æ-æ-æ-æ.


Dette grove doyande bukkemålet som so uventa braut med den høgtidelege salmetonen, løyste alltid
låtten. Eg lyt leggja til at eg har høyrt ein annan versjon av dette verser. Det går til ein annan tone:
nr. 512 i Landstad R. Det var kanskje slik at folk gløymde strofar og so dikta dei til etter sin eigen
hug, og etter sitt eige hovud. Elles er det fortalt at han Ivar sjolv dikta om og flikka på viser og vers
so lenge han levde. Eg veit ikkje kva som er originalen av desse to versjonane :
«En mand til kirken kommer glad
En bukk ved hånden ledes
Den var bestemt til middagsmad
alt hos en prest at edes
Mens presten bad et hjertsukk,
da sattes kniven i en bukk. B æ-æ-æ-æ-æ.»


Det var som smågut eg høyrde desse versi. Eg har lite gehør, men trur det er rette tonane eg har
funne. I ein kisteleddik på lemmen låg det ikkje so få gamle handskrivne viser. Sume av desse var
sikkert avskrifter av skillingsviser. Men der var og nokre av Ivar Kårdal. Dei kom bort alle. Mellom
desse var og ei visa Kårdalen skreiv til Hveding då han fyllte 80 år. (Det var fleire som skreiv
hyldingsdikt til gamleprosten i det høvet. Sjå Frolich: «Fjon»). Visa gjekk med den sorgmilde
tonen: «I fjor gjett' eg gjeita i djupaste dala». Eg hugsar berre eit av dei første versi i denne lange
visa : «For prosten og Lindås de hører tilsammen, som tårer til sorg og som latter til gammen».


Til ein rund årmålsdag fekk Hveding ei gild gåva hjå folket i prestegjeldet. Det var ei stor sylvkrus
med lok (ølkrus) som han var mykje byrg av og synte fram til alle som kom på kontoret. Det var og
sume som gjekk innom berre for sjå denne drustelege sylvkrusi. Ein gamal mann frå Fedje vart
standande og vega den tunge krusi i neven. So seier han : «Her er so mykje sølv i 'ne, at eg synest
dei kudne tekje tå te ein tomling åt han Holtermann» (Tomling (tumling) var eit lite sylvstaup
(drammeglas). Namnet kjem vel av tomme). Holtermann var kapellanen. Han og var ein mykje
folkeleg prest. So Fedjemannen tykte ikkje det var heilt rett at soknepresten fekk alt sylvet og
kapellanen inkje.