Lindås bygdeboknemnd

Biletsamling

Bilete pr.gnr

Lydfiler

Artiklar

Anna arbeid

Kontakt

Frå ein artikkelserie i Strilen i 1976, av signaturen A
Stubbar om prost Hveding og Ivar Kårdal og litt meir
Artikkel 3:


Holtermann var kapellan i Lindås i 20 år. Ingen har slege den rekorden. Men Peder Solsvik som var
her frå 1945 til 1965 tangerte. Men so hadde Holtermann vore personell kap. i 2-3 år før han vart
res.kap. I dei åra førde han og bøkene for formannskapet. Han var ogso lækjarkunnig og gav råd
både for sjelelege og kroppslege veiler. Han må ha vore ein mangslungen kar, for han kunne og
gjeva råd og rettleiding både i jordbruk, hagebruk og krøterstell. Han var med å skipa Lindås
Sparebank og hadde råd til å setja ikkje so lite pengar i grunnfondet. Det er underlegt at denne
mannen som var av ein mykje fin familie og var frå herregarden Austråt, treivst so godt mellom
strilane, at han vart verande her i 23 år. Peter Andreas Jensen som var son til ein kokar i Bergen og
var av strileætt, han vantreivst dei åra han var kapellan i Lindås. Og han såg helst ned på folket,
endå dei valde han til ordførar. Men me skal ikkje gløyma at han skreiv «Lesebog for Folkeskolen
og Folkehjemmet». Den boki fekk mykje å seia både for skulane og heimane i heile landet. Ho var
ikkje eit framstig, ho var eit frambrot, seier skulemannen Olav Hoprekstad. Eg har og lese «Jensens
Lesebok» og tykte eg fann mykje forvitnelegt der. Men no er eg komen langt på avvegar. So eg får
taka tråden oppatt.


Det var med kyrkjene dei samla inn pengar til denne gåva Hveding skulle få. So var det ein gamal
mann som var komen til ei onnor kyrkja enn den han sokna til. Den dagen var der innsamling.
Mannen hadde ikkje pengar med seg. Og som utsoknar kjende han ingen so godt, at han kunne be
om å få låna — den einaste var presten. Då Hveding kom or kyrkja. stogga mannen han. «Eg
gløymde so sanneleg å ta portomoneen med meg i dag. No ser eg dei samla idn penga te didna gåva
te deg og eg vidle gjedna vera med. Du vel ikkje vera so sværande gild å låna meg ei krona? Du ska
få 'ne att om fjortan daga, når du preika hjå oss. Du kan vera uredd om da. Jau, Hveding tok
smilande portomoneen or lumma og gav han ei krona. Det kan vel ikkje vera tvil om, at han fekk
krona att. Dette hende i dei dagar då ei krona verkeleg var pengar ikkje so ratt lite heller. Ei av
tenestegjentene på prestegarden heitte Kari. Ho var svært drivande og vyrde ikkje på det dei andre
gjorde. Når ikkje ho var med, vart det ikkje noko for dei, meinte ho. Dei kalla henne Store-Kari. Ein
dag i slåtten ville dei andre tenarane, og kanskje eit par leigefolk gjera henne ein smeit. Ho skulle
vera inne og koka middagen den dagen. So spurde dei presten om ikkje ho Kari kunne breida ei såta
for dei. Dei slo på ein annan stad på garden den dagen og ville helst ikkje hefta seg med å gå den
lange vegen berre for denne eine såta. «Ja, hvis Kari vil», so var det greidt. Ho Kari berre bles. Ho
kunne sakte svitta ut og breida ei såta! Dei kunne berre gå og passa sitt. Men då ho Store-Kari kom
springande og skulle breida såta, vart ho litt forferd. Kvelden før hadde slåttefolket bore ihop høyet
på ei heil eng og sett i ei såta. Men ho Kari var ikkje den som ville gje seg. Ho bar og breidde og
sveitta, og måtte fleire gongar heim og sjå etter middagen. Ikkje meir enn dette var, so frettest det
rundt på gardane. Ei stor såta kalla dei sidan ei StoreKari-såta. Dette varde so lenge, at eg og har
høyrt dette namnet brukt om retteleg store høysåter. Presten var ikkje den som hadde minst moro av
at det kunne verta i meste laget for ho Store-Kari og — om ho var no drivande.


Ei av tenestegjentene i prestegarden ville vera svært fin. Ho stasa seg til med rosete silkelutar,
sylgjer og snorer. So tok dei til å kalla henne "Den 17. mai». Ho gjekk til presten og klaga. «Dei
kallar sa ho. Kva kallar dei deg for då*. ville presten vita. Dei kalla: meg «Den 17. mai». Då lo
presten. «Ja, då får du kalla dei den 18. igjen. Det pleier nu vere riktig en blåmandag».


Både tenarar og leigefolk prestegarden fekk søt eller nylopi mjølk til grautesul og bland drikka.
(Nylopi mjølk — fersk surmjølk teke frå mjølkekollene som dei nett hadde fløytt rjomen av). So var
det sume bra folk som rådde presten til å gje tenarar og leigefolk mysa eller syra, til sul og
«blanddrikka». Han kunne spara noko med det. (Syra er vel helst gamal ostemysa, men dei kalla og
gamal surmjølk for syra). So ein gong Hveding preika med Sandnes, tinga han eit anker syra hjå ein mann i Masfjorden. Då syreankeret var kome på Lindås-bryggja sette han dei to drengene til å
køyra det opp til prestegarden. Der er ei bratt lid frå sjøen og opp til prestehuset. Vegen, som var
mykje steinut og humpete, gjekk i fleire svingar oppetter. Dei var nesten oppkomne då ankeret
ramla or kjerra. Det for gjennom runn og rask og tilslutt utfor eit høgt brot, der det slo seg i stavar
so syra skvatt. Den eine drengen heitte Mons og han var liksom husbondsdreng. Han kvidde seg
med gå på kontoret til presten og fortelja kva som hadde hendt. Det vart den andre drengen som laut
gjera det. Då han hadde fortalt om tilburden, spurdc Hveding: «Nei, hvad monne Mons sige da
syretønden rullede». «Jau etterkvert so tudno rudla forare og forare so ha han: Lat fara. Lat fara. Lat
soleis fara!! sa han med da sama tudno rudla utfore da høga brote og slo seg i stava, so møsa sto i
høgsta vere. Nett so sa han». Då sette Hveding opp ein skaurlått. (Skaurlått er vel eit ukjent ord for
dei fleste no. Det er ein hjarteleg skrattelått, ein gapskratt). Men Hveding tinga ikkje meir syra i
Masfjorden. Tenarar og leigefolk fekk same slag grautsul og same slag blanddrikka som dei hadde
fått før.