Lindås bygdeboknemnd

Biletsamling

Bilete pr.gnr

Lydfiler

Artiklar

Anna arbeid

Kontakt

Frå ein artikkelserie i Strilen i 1976, av signaturen A
Stubbar om prost Hveding og Ivar Kårdal og litt meir. Artikkel 4

Ein gong var den eine tenestjenta i prestegarden ung og mykje vakker. Den andre var berre so
medeles og var ogso komen noko opp i åra. So kom det ein ny dreng — ein staut og triveleg
ungdom. Den eldste jenta tykte det vart vel mykje «tusking» mellom desse to ungdomane. Ein
sundag då dei kvilde middag, vart guten liggjande i senga med jenta. Den andre syntest dette gjekk
for vidt — midt på sundag og i presten sitt hus. Ho gjekk ut og stussa ei stund, men so gjekk ho til
presten og sa det. Kanskje var det ikkje berre moralen ho tenkte på. Det kunne vel vera aldri so lite
misunning ogso. «Selv våre beste gjerninger er besmitett av synd», minnest eg det stod i
«Pontoppidans Forklaring». Presten låg på divanen og kvilte middag. Men no laut han morska seg
litt og seia ungdomane eit «Pauli ord». So han tok skorne på seg og gjekk opp troppa med jenta i
fylgje. Då presten kom inn på jenteromet hadde syndarane somna. Dei var vel trøytte etter vika og
døsige etter ein god middag. — Hveding vart standande framfor senga ei stund og sjå ned på dei to
vakre ungdomane som låg der og sov so fredeleg. So snudde han og stilte seg varleg utatt på tærne
so han ikkje skulle vekkja dei. Eg har aldri høyrt gjete kor det gjekk med dei to jentene, so dei går
ut or soga. Men denne «drengen» hugsar eg. Han hadde vore med i styr og stell i bygda og vore
innvald i so mange slag nemnder og råd. Eg minnest han som ein stødig, gamal gubbe, som alltid
hadde eit lunt blink i augo. Han kunne koma med nokre ord — ofte i samband med ein liten stubbe
— som sette sakene på plass og ofte løyste låtten. Han gjorde gjerne folk ei beina. Og det var
mange som gjekk til han og fekk råd og hjelp i so ymse høve. Det er ikkje sikkert at han hadde vorte
stort betre, om han hadde fenge ei skrapa av soknepresten den gongen.


Det var ein prest i Lindås i som såg so lite. Sør for kyrkjegarden på Lygra og austanfor vegen, var
der då ein stor kornåker. Ein haust stod kornstaurane tett i tett på åkeren. Staurane var små og hadde
ikkje meir enn karshøgd eller knapt det. (Det var lite skog her i bygda. So når stauren rotna i
moldkanten og brotna, kvesste dei han oppatt, so staurane kortna til). Presten trudde det var
kyrkjefolket som stod so tett. Han helste høfleg og letta på hatten. På stolen let han falla eit ord om
at «det gjorde hans hjerte glad, at se så mange mennesker søge kirken i dag». Ein gong kom han i
skade for ausa vatnet på galne enden av dåpsbarnet. Men den gongen fekk han ei skrapa av soknepresten,
som sikkert nok var Hveding. Skulle det vera ein kjerne av sanning i desse segnene, so må
dette ha vore presten Georg Albert Bull. Etter Lampe: «Geistlige i Bergens Stift», vart han
kappellan i Lindås 1868, men laut slutta i 1870 for skuld synet som svikta. Han vart heilt blind til
slutt.


Men Hveding kunne vera ille ute han og. Når han preika i Masfjorden (Sandnes) vinters dag,
overnatta han der. Ein sein kveld kom det bod om at eit lite barn (nyfødt?) var døyande. Presten
måtte koma med ein gong å døypa det. I stova brann ei kola (dei lyste knapt so mykje som ei fyrstikk).
Men i eldhuset var svart natt. I forvirring og i hu og hast, hadde einkvan teke feil i myrkret
og vore i mysebytta etter dåpsvatnet i staden for i vassbytta. Dette vart dei ikkje var før barnet var
vel og vakkert døypt. Ja, soleis var det fortalt.


Eit år vart det svart for fisk rundt Fedje. Og når ikkje «kokfisken» kom under land, so vart det nær
sagt sveltihel for folket der, den tid. Ein preikesundag på Fedje, var det einkvan som nappa Hveding
i prestekjolen med det same han gjekk inn kyrkjedøra. Då han snudde seg var det ein gamal fiskar
som stod der. «Ja idag Jakob, lyt du orda da med Storemann at han senne kokfisken onna Feilanne».
Presten lova det. Og i kyrkjebøni — som den tid var lesi frå preikestolen fletta han inn ei varm bøn
om at fisken måtte koma under Feilandet att. «Ja, Gud høyre deg Jakob», lydde det frå
kyrkjestolane. Det var mange som kalla prosten «han Jakob». Dette fortel oss og noko om prest og
kyrkjelyd.


Alle konfirmantane frå det store prestegjeldet gjekk til førebuing hjå soknepresten på Lindås. Både
presten, kapellanen og klokkaren las med dei kvar si stund. Siste dagen - den dagen dei fekk vita om dei «slapp» - var alle lestreborna inne i prestegarden og fekk eit glas vin og ei kringla kvar. Det var
ein stor dag — ein dag å minnast.


Dette vart mest om Hveding og mindre om Kårdalen. So han lyt få ein stubbe til slutt. Då dei bygde
eit av dei aller første skulehusa i Lindås, var det som vanleg hard strid i krinsen om kvar huset
skulle stå. Han Ivar i Kårdalen var ein av dei som bygde. Det var eit knøttande lite hus. Då dei var
ferdige, seier han Ivar: «Det som no står att å gjera, det er å setja børildar i begge gavlane, so kan
dei bera det der dei vil». ( Børild (bygdemål børidl) er vel eit ukjent ord for dei fleste no. Børildar
var handtak i kistegavlane til å bera etter). Eg har aldri høyrt kva skulehus dette var. Det skulle no
vel aldri vera det gamle skulehuset på Natås, som no er kome på Folkemuseet i Oslo? . Skulle dette
vera tilfelle, so kom skulehuset lenger enn han Ivar hadde drøymt om — endå det ikkje fekk
børildar i gavlane.