Lindås bygdeboknemnd

Biletsamling

Bilete pr.gnr

Lydfiler

Artiklar

Anna arbeid

Kontakt

Om Ivar I Kårdal

Bonden og diktaren Ivar Ivarson Kårdal vart fødd 12. juli 1845, og døydde 10. juni 1928.
Han var ein av dei mest særmerkte og velkjende menn i Nordhordland i si tid. I det kommunale styringsverket var han med i meir enn 20 år, i formannskap, skulestyre, fattigstyre og likningsnemnd og andre nemnder. Det var i det heile hugnad for han å vera med og yta hjelp og råd så langt han rakk.

Det som gjorde Ivar sermerkt var at han attåt alt anna arbeid, og i små kår, kunne halda oppe ein sterk medfødd hug og trong til kunnskap. Han hadde poetisk givnad og dikta mange songar og viser om mangt og mykje i eit langt liv.

Han var eit såkalla uegte barn, og vart fødd og oppfostra i Kårdalen, hjå Jetmund Janson Kårdal, og der fekk han det godt. Han fekk seinare overta garden etter fosterfar sin, og garden dreiv han godt, om det kunne vera trongt stundom. Om somrane var han ofte ute på bygningsarbeid. Han var aktiv med i ungdomslag og fråhaldslag. Han hadde stor praktisk dugleik på mange område, men likevel er det nok visediktinga hans som vert hugsa best. Han dikta om dei små og suttyngde i bondesamfunnet, om heimeliv og uteliv, bonden og fiskaren. Han refsa alt som var skeivt og skakt i samfunnet. Og embetsfolket, prest og klokkar, lensmann og læraren fekk sitt, dei med. Og sviande sanningar sa han ikkje så sjeldan på vers. Diverre er svært mykje av diktinga hans gått tapt, men somt kan ein enno finna.

Gravsteinen er no pussa opp og varig verna.

Me kan ta med første og siste strofen av diktet «Attersviv» som han skreiv til sin eigen 70-års dag:

Sytti år eg no hev tutla
att og fram på same stad.
Med so mangt eg hever mutla,
vore både harm og glad.--
Mange born og trongt um føda
trongt um hus, um klær og sko
No eg leiest av all møda,
hever trong for kvila no
Um eg tenktest gjera mykje
gjorde alt eg kunde best,
so tilslutt eg finn og tykkje
at det dårlege vart mest.--
Alle feilgrep som me gjerer,
serleg dei me veta av,
på oss trykkjer, på oss tærer
Vesalt er vårt heile kav.



 

 

 

 

(Artikkelen skrive av Norvald Halland)

 Gravminne Ivar I Kårdal

VarigVernIKaardal