Lindås bygdeboknemnd

Biletsamling

Bilete pr.gnr

Lydfiler

Artiklar

Anna arbeid

Kontakt

Om Per Hundvin

Per Hundvin var fødd på bnr. 1 på Hundvin 4. sept. 1888, og døydde same stad 24. jan. 1965. I 1908 tok han underoffiserseksamen ved 4. div. skulen i Bergen, men i staden for å halda fram med ei militær karriere reiste han til Amerika i 1911. Der var han fiskar og fangstmann, m.a. laksefiskar i Alaska. I 1916 kom han heimatt til Noreg. Han gifte seg i 1918 med Marta Nesse frå Arnefjord, men ho døydde same året i spanskesjuka. I 1919 vart han tilsett som lensmannsbetjent i Lindås, og var der til 1922 då han overtok farsgarden. Han gifte seg same året med Anna Skauge f. Bergfjord. Seinare var han lensmannsfullmektig i Herdla nokre år. Men då lensmann Konsmo i Lindås døydde i 1934 vart han atter tilsett som lensmannsfullmektig der. I 1936 vart han tilsett som heradskasserar, ei stilling han hadde i fleire ti-år, attåt arbeidet på garden.

Per var svært musikalsk, og ein dugande felespelar, Han skreiv mange prologar og songar, og komponerte fleire tonar sjølv. Han var aktiv i lyd og lag i heimbygda, i yngre år i det frilynde ungdomslaget, seinare i fråhaldslag, søndagsskule, Kinamisjonen og indremisjonen. Han var klokkar i Hundvin frå kyrkja vart reist i 1936 til 1961. Han var ein flittig skribent i Strilen, heilt til kort tid før han døydde. I 1962 til 1964 hadde han fleire innlegg der han fortalde frå tida si i Alaska.

(skrive av Norvald Halland)