Lindås bygdeboknemnd

Biletsamling

Bilete pr.gnr

Lydfiler

Artiklar

Anna arbeid

Kontakt

Innhald

Alaskaminne frå Strilen i 1962/64: 23. febr. 1962 -

Medan me ventar på vårsildi. Ho tok seg gode stunder borte i havet vårsildi i år. Og ikkje skal ein undrast så mykje på det, for av gamal ill røynsla veit ho kor fårleg det er å koma opp under norskekysten no vintersdagen der alle krefter vert sette inn for å ta livet av ho. No er ikke dette noko som berre gjeld Norge. Dei har vårsild andre stader i verdi og, eg tenkjer då serleg på Alaska der eg ein vinter var med på slikt fiske og fekk oppleva ting som for mange kan synast utruleg, men som syner korleis sildi også andre stader søkjer mot land i gytetidi.

Min fyrste tur til Alaska var våren 1912. Saman med ein nordmøring, Ole Vik, reiste eg opp for å driva laksefiske. Han hadde drive dette før. Me heldt på med dette på ymse stader til det leid på haust og sesongen var slutt, då var eg hamna i ein liten indianarbv med det russiske namnet Wrangel avdi dei hadde eit fort der med dette namnet den tid dei åtte Alaska. I 1887 selde dei landet til U. S. for den urimelege spottpris av 7.2 mill. dollars. I Wrangel var der eit sagbruk, og der fekk eg arbeid til vinteren sette inn med så myke snjo. at drifti laut stogga. Eg budde då saman med ein telemarking, Tor Tveiten, i ei hytte me hadde sett istand. Så var det ikkje anna å gjera enn som bjørnen, å gå i hi for vinteren. Me hadde det elles bra der i «Strandstova», hadde rikeleg med ved og matvaror, kunne fiska og skjota det me trong til middagsmat og dreiv elles tidi med å lesa og spela sjakk. Eg hadde no dertil fela mi som eg brukte flittig og så hadde eg Gula Tidend som eg eg kvar vika fekk ein bundt av frå «prentesmidja» hans Johs. Lavik i Bergen, og som eg gjorde til fast regel å Iesa eit nr. av kvar kveld, det eldste fyrst.

Ut på nyåret - truleg i - februar - fekk me vitjing av ein nordlending, som spurde om me ville vera med han ut til vestkysten der han ville prøva å fiska sild. Han hadde fenge tinging på sild frå eit firma i Seattle, Wash. Han hadde ein stor, snøggåande motorbåt, og dei var 3 mann ombord, men trong 3 mann til. Jau, me hadde ikkje noko imot ein slik tur og fekk med oss ein 3. mann, Ivar Nore, frå Bryggja i Nordfjord. Han budde i ei hytte like ved. Så bar det utover til havs med oss ein kveld, og den turen gløymer eg aldri. Me skulle til ein liten indianarby, Clavach, ute på ei av øyane ved storhavet, men om natti rauk det opp med storm, så me heldt på å gå under. Dei 3 av mannskapet var i styrehuset og maskinrommet, me andre var i hytta forut. Båten hogde så fælt, at det var uråd å ha ljos på lampen, og me heldt på å verta kasta av køyane rett som det var. Døri til matskåpet vart slege opp, og alt der var av kjøreld og andre ting kom ut og vart knust og rulla fram og attende på dørken etter som båten hivde seg. Telemarkingen vart sjøsjuk og måtte gjeva hals, let opp kappedøri og sette hovudet ut, men fekk i det same ein sturtsjo over seg. Heldigvis fekk han stengt døri att før me fekk fleire.

Ut på morgonkvisten kom me inn i smulare vatn og etterkvart gav stormen seg og, så me kom då velberga fram tilslutt. Clawach ligg ved munningen av ein våg som er vel ein km. lang. På austsidan ligg indianarbyen og på vestsida eit "Cannery» (fabrikk.) Sundet er berre eit par hundre meter over, men vågen vidar seg ut til det tre-duble lenger inne. Me fekk bu i eit hus som låg ved fabrikken, som då ikkje var i gang. Me hadde med nokre garn som me sette ut der i sundet, og sild var det rikeleg av, så det tok berre nokre dagar å få salta i dei 70 tynnene me hadde med. Desse vart då sende nedover med rutebåten, og me gav oss til å venta på nv forsyning. Då - ein av dagane - var det at det hende: Eg rodde innetter vågen med børsa, skulle skjota stokkender, som der var mykje av. Mykje måse hadde der vore heile tida. men denne dagen var der meir enn vanleg. Dei mest skygde for soli og skreik så ein ikkje høyrde mannemål. Der var og meir sild enn vanleg. Ho gjekk oppe, og eg kjende ho med årane for kvart tak. Eg høyrde brølet av sjøløva utanfor, men pust av kval kunne eg ikkje høyra for fugleskrik. Det leid mot kveld før eg tok på heimvegen, men då fekk eg sjå noko eg aldri kunne drøymt om. Heile vågen låg kvit av sild som var halvdaud og låg med buken i veret, sprengd av det veldige innseget og kanskje også av ferskvatnet frå ei elv inne i bukti. Eg hadde mi største hyra med å få båten fram gjennom denne sidegrauten, og det var myrkt før eg nådde heim. Der hadde dei og sett dette veldige «merakkelse».

Morgonen etter var sjøen blank, men no låg der eit metertjukt lag av sild på botn av vågen. Ho sakk som vanleg då ho var daud. Skulle me ut i robåten, gjekk me under kne i sild, når det var fjøra. Eg snakka med folk som hadde vore der seinare på våren og dei fortalde, at der var ei fælsleg lukt i fjøra sjø når soli skein på all sildi som låg og rotna i fjøra.

Eit par dagar etterpå var det ein mann som drukna i ein straum der ute. — Me var 8 -10 båtar ute og sokna etter han, men laut ei stund venta på flo og straumstilla. Rett som det var kom det eit uhyre av ei sjøløva sprettande opp av straumen. Ho bykste heilt sjølaust og piska sjøen kvit då ho datt nedatt. Det var som det sokk i oss alle. Truleg hadde ho fylgt botn, vorte var liket og vorte redd, ho med. Då straumen stilna fann me liket og drog på heimveg.

Det står i skrifti, at «der åta er, vil ørnane sankast.» Dette fekk eg prov for på vegen innatt. I ein stor einsleg gran som stod på eit nes, talde eg til heile 75 store havørnar og ein flokk omlag like stor sveiv i ein ring rundt treet, alle same vegen. Jau, dei hadde fenge greide på åta dei med. Havørni var vanleg å sjå i tretoppane rundt fiskestadene, men då enkeltvis, eller om våren parvis. Her var altså ein flokk på omlag 150. Eg såg aldri ørn i flokk korkje før eller seinare.

Det vart ikkje meir om sildefisket vårt denne vinteren. Firmaet ville ikkje ha meir, og slike ting som sildoljefabrikk eller pelsdyrfarmar var ukjend i dei dagar. Som matsild vart det snart nok åt amerikanaren som var betre van. For oss nordmenn var ho slik som vårsidi her, god både kokt og steikt.

Ja, no hev vel sildi ute ved Færøyane sige eit godt stykke opp under norske-kysten, så ho snart vil syna seg, og så får me vona at ho ikkje fer så agelaust åt som hin vinteren oppe i Alaska.

PER HUNDVIN