Lindås bygdeboknemnd

Biletsamling

Bilete pr.gnr

Lydfiler

Artiklar

Anna arbeid

Kontakt

Inn

22. febr. 1963 - På veiding

Ein veidemann kan vera ute i for mange rare hendingar, det fekk eg røyna dei åri eg var oppe i Alaska og m.a. dreiv litt veiding. Og no vil eg fortelja litt meir frå den turen me var ute i indianarbyen Clavash på sildesalting, det som eg skreiv om i nr. 4 av Strilen i fjor.

Me vart liggjande der ute i fleire vikor og venta på tomtunnor og i denne tidi var det eg som fekk jobben å skaffa kjøt til huset, avdi eg var den einaste av som hadde byrsa. Det var no elles ikkje so rar byrsa eg hadde, eit gamalt utskote 2-løp som spreidde so det var ei gru, og som helst skulle vore slengt på skraphaugen, men eg laut no greia meg med henne i det være ho var og det var merkelegt kor mange fuglar eg skaut med ho. Skulde eg rekna med treff. kunde ikkje skotholdet vera meir enn 25 m. Det var ender det gjekk på og av dei var der stort utval. Men mest var der av stokkand og ho var og den som smaka best sidan ho var grasetar. Det er denne vakre fuglen med grønt hovud, kvit ring om halsen og blått vengeband som ein ser so mange av i små -Lungegåren i Bergen no vinters dag.

Stokkandi hev sine faste sitjeplasser om natti og i myrkningi kjem ho ofte i store flokkar og set seg der. Den som då hev sett seg i skjol der, kan skjota so mange han ynskjer.

Det var ein av dagane etter det store sildeinnsiget at eg rodde ut til ein slik stad. Eg var i tidlegaste laget og sette meg difor til å venta. Ein gong eg snudde meg. vart eg vis med tre store grågjæs som var komne opp på eit nes eit stykke bak meg. Truleg hadde dei kome symjande, for eg hadde ikkje høyrt vengjeslag. Grågås hadde eg stundom sett tidlegare men då alltid høgt oppe og i store flokkar på trekk slik som i Noreg. No om vinteren, då alle elvar og vatn fraus til inne i landet, kom dei ut til kysten der det var ope vatn. Eg fekk slik hug til å koma dei på skothald. den dette var vanskelegt for snjoen låg høg og var mykje skaren, so det kraka for kvart steg eg tok. Men ved å gjera som Peer Gynt då han skaut den store bukken at "frem på buken mig flyttet», kom eg verkeleg so nær at eg fekk skjota. Tvo av dei vart liggiande. den tredie sette til vers. men fekk skotet frå det andre løpet og datt i sjøen. Diverre var ho berre vengeskoten so ho sette på fiorden. Eg treiv dei to giesene og sprang attende til båten, hivde dei i framskuten og la i veg etter gåsi. Ho i veg som ein liten motorbåt, og då ho hadde noko forsprang tok det meg ei heil stund for eg nådde ho att. Ho var då komi inni eit lite sund og sette på land just som lyfte åri og skulde slå til henne. I det same kjende eg at båten tok på grunn. Eg giekk i høge styvlar so eg berre hoppa over ripa men var so «heldig» at eg trefte ned i eit hol so sjøen giekk meg til halsen. Eg såg seinare, at det var is som hadde stogga båten min, ikkje grunnen som eg fvrst tenkte. Well. eg kava meg då opp i ein viss fart. fekk tak i gåsi og drap ho - tykte eg. So var det å vrengja klædi av meg og vri mesteparten av vatnet or dei før dei fraus. Som eg heldt på med dette kom der flygande mot meg ei stor, fin, kvit rjupa. ho styrde beint på og det såg ut som ho ville sitja på hovudet mitt. Men truleg kom ho på andre tankar då ho såg at eg lea på det, for ho flaug framom og sette seg på eit rotvelt tre eit stykke ifrå. Riupa hadde eg sett berre ein einaste gong i mitt liv inne i Masfjorden og eit høve som dette kunde eg ikkje lata gå frå meg. Men byrsa var i båten og han var reken litt fra land so eg måtte uti under armane for å få tak i han. Dette giorde no elles ikkie so mykie sidan eg fyrst var naken Eg drog båten opp i fjøra, fekk tak i børsa og skaut rjupa. Men ved smellet av skotet vakna gåsi til liv og la på sjøen atter, so måtte eg uti etter henne ein gong til, og drap henne endå meir. So avstad etter rjupa. Ho låg ikkie nett der eg skaut ho, men merke i snøen synte at ho hadde kome seg eit stykke lenger bort og der hadde ho grave seg diupt ned. Ho var daud då eg fann ho. Det var ikke nett so søtt å liggja der naken på magen og grava etter ho, men dette fekk våga seg, rjupa vilde eg ha. So var det å få kledi på seg i ein fart og koma seg attende til andeplassen. Det var byria å mvrkna no. so endene var tilfarne koma. Eg stod der ei stund og skaut nokre skot, men fraus og skolv so det vart bom kvar gong. Best å koma seg i båten og sprengro på heimvegen for å få varme i kroppen. Eg hadde no ikkie gjort det so verst like vel.

Turen heimover tok vel ein time. Eg høyrde eitt og anna spark frå gjæsene i framskuten, men akta ikkje det før ei av dei kom spaserande mot meg og ville ut. Eg greip henne før ho kom så langt slo nakken hennar i båtripa og hivde ho framatt. Det vart stilt ei stund. men rett som det var kom ho att og no var det ålvor. Ogso denne gongen greip eg ho og no tenkte eg å gjera «kort prosess» som det heiter, men før eg kom so langt var det ei av dei andre gjæsene som giorde kort prosess, for ho berre reiste seg, lyfta vengjene og for tilvers med ein gong. Eg torde ikkje sleppa den eg heldt på, og taka bvrsa. då hadde vel ho fare og.

Eg måtte le so forarga eg enn var. Her hadde eg havt desse tre gjæsene i båten hjå mest ein heil time og so heldt dei på å fara ifrå meg alle i hop. Men so fekk eg då endeleg avliva den siste so eg hadde då tvo att.

Samanhengen med dette er enkel nok. Gjæs er som ender mykje seigliva og korkje byrsa mi eller hagli var til skjota slike store fuglar med. Eg brukte små nr. 4 hagl og med dei vart giæsene berre sovidt svimeslegne. Eg skynar det slik, at den gåsi eg fyrst vengeskaut og sidan drap 2 gonger, ho roa seg med det, medan dei 2 andre no vakna til liv og då fann ut, at dei var komne i slett selskap der i framskuten og difor vilde dei ut i fridomen att. Og dette skal ein no ikkje undrast over. Sjølv fekk eg vera nøygd med den fangst eg hadde att, 2 store gjæs og ei rjupa var ikkje så lite og dertil vart eg ei oppleving rikare, som eg mang ein gong seinare hev minnast med hugnad.

Per Hundvin