Lindås bygdeboknemnd

Biletsamling

Bilete pr.gnr

Lydfiler

Artiklar

Anna arbeid

Kontakt

18. mai 1963 Det var i slutten av april 1912 eg fyrste gong kom opp til Alaska. Eg hadde arbeidt på eit sagbruk nede i Washington vinteren føreåt saman med ein nordmøring, Ole Vik, som hadde vore på laksefiske der oppe året før, og no vilde oppatt og av det han fortalde om livet der oppe fekk eg hug til å slå fylgje, noko han ikkje hadde imot.

I Tacoma kjøpte me inn meste parten av utstyret som telt, ultepper. klæde og styvlar. So bar det i veg med ein nordgåande rutebåt langs ein kyst som var mykje lik på den norske, med høge fjell og ein stor skjærgard. Berre ein ting var onnorleis. Medan fjell og øyar her for det meste er nakne, var det frodig barskog over det heile. Sjølv dei ytste øyar var skogkledde. Gardar eller farmar såg ein ingen stad frå sjøen, men me reiste framom ein og annan småby. Me var som snarast oppe i Victoria og Prins Albert som ligg i Canada, men byen me skulde til var Metchikan i Alaska, som me nådde etter 3 dagars reis.

Det var ein strålande vårmorgon me steig i land. Sjøen låg damstill, soli vermde, byen låg der so rein og roleg utan ståk eller ferdsla slik som i byane lenger sør. Byen ligg ved foten av eit høgt fjell og på toppen låg endå snjoen - drivande kvit i solskinet mot ein blå himmel.

Me var 3 i lag som gjekk i land. Ole hadde med seg ein ung slektning som heitte Ed. (Edvard) og dei skulde ha telt saman, medan eg skulde bu åleine. Ein veldig stor lastebåt kom just inn og kasta anker utanfor der me låg. Flagget gjekk opp med det same, og Ed som var fødd amerikanar sa med stolt sjølvkjensla i målet: «Der går det amerikanske flagget til topps.» Eg stussa. Kva var det eg såg? Vårt kjære vakre, norske flagg var det, og eg vart med ein gong so varm i bringa. So hadde då norske skip ogso funne vegen til denne utkant av verdi og eg måtte minnast Bjørnson sine ord at «hvor fartøi flyte kan der er han første mann».

I Ketchikan kjøpte me resten av utstyret, som omn (ein firkanta blekkasse med røyr), øks, lykt, ymse kjøkenutstyr, matvaror, som mjøl, sukker, havregryn og hermetisert mjølk og ikkje å forgløyma fiskegreier. Dei var no elles ikkje so svært vidløftige, ei måla med tjukt snøre, ei snella med forsyn av det sokalla cotyhank, nokre fiskeslukar, anglar, eit blylodd på 1,5 kg til søkke på dorgi og so ein stor klepp. Utan ein slik nytta det ikkje få fisk i båten. So var det ikkje so lett då so mange var ute - eller skulde ut, å få tak i robåt, og der var Ole Vik heldig og fekk kjøpa seg ein gamal færing fyrste dagen, verre gjekk det med meg andre dagen. Me farta rundt heile vågen og endeleg - burte i indianarlægeret - fekk me spyrja opp ein kano, som ei gamal indianarkjerring var villig til å selja for 5 dollars. Den vart eg då eigar av, og det var ein bra båt, som eg seinare brukte i alle dei år var i Alaska. Han var 18 fot lang, men då han var laga av e i t t tre som ein stor tryl - var han berre 3 1/2 fot breid og soleis mykje laus, sidan han ikkje hadde kjøl. Ei måtte mest «halda tunga beint i munnen» om han ikkje skulde velta. Men eg var ung og ledig den gongen og eg vende meg til han. Eg brukte 2 årar som på ein færing. Han var tung å snu, men lett å ro, det var det viktigaste.

So bar det avstad ein av dagane - ut i eventyret. Fyrste staden me skulde til heitte Cap Comena og låg ein dags ror nord for Ketchikan. Fyrste dagen gjekk med til å rigga til, hogga stenger til teltet og få dette opp, finna seg ved og vatn, stella dorgi i stand og gjera seg kjend med staden. Det var alt komne opp omlag eit halvt hundre telt og mest halvparten av desse høyrde til indianarar. Ein japansk huslyd hadde sett opp eit lite bakeri, men elles var der ingen som handla. Ein fiskeoppkjøpar som kom rundt kvar dag fekk setel med seg kva folk trong om, og dagen etter hadde han denne vara og rekning med seg. So betalte ein til han.

Andre morgonen i 5-tidi rodde me so ut til fiskeplassen, eit nes som låg ein halv times ror frå teltplassen. Veret var vakkert som det hadde vore heile tidi, det var med stor forventning me let dorgi gå i sjøen. Ei sneis båtar var alt komne ut, men noko storfiske såg det ikkje ut til å vera. Me rodde i mange timar fram og attende saman med alle dei andre, men berre ein einaste ein såg eg ein som drog. Trulegt var det for tidleg i sesongen. Sist på tok båtane til å fara inn att og eg gjorde det same som ein av dei siste. Dorga hang ute og eg var mest komen heim åt landingspassen då eg med eitt fekk eit napp som eg før aldri hadde kjent maken til, endå eg hadde drege både sei og havtorsk. Det var som fisken vilde slita dorgi or nevane på meg, å halda att nytta ikkje so eg måtte gjeva ut. Men når han slakka av ein grand hala eg inn og slik heldt me på ei heil stund. Jau, dette måtte vera fisken eg var ute etter. Rett som det var gjorde han høge hopp opp or sjøen for å rista sluken or seg og so sette han på djupet att. Han spakna då litt etter kvart og omsider fekk eg hogga kleppen i han og dra han inn. Men aldri skal eg gløyma synet av denne ovfagre fisken då eg hadde fenge han til ro på tilja. Morgonsoli skein på den breide sylv-glinsande laksen og eg tykkjest endå sjå dei svarte runde prikkane, store som hagl — på spor og uggar, dette sermerkte kjenneteiknet for kongelaksen (the king salmon). Han var dertil mykje større enn nokon fisk eg før hadde drege, ruste han til ei halv våg (ei våg = 19 kg). Eg tykte det var vondt å lata han gå til oppkjøparen som kom rundt med motorbåt ei stund etter, men so fekk eg då oppgjerd for 16 pund (8 kg a 5 cent pundet, 80 cent) eller om lag kr. 3,— i norske. Prisen var liten. men den høgste som gjekk i dei dagar, seinare gjekk han mykje ned.

Det vart ikkje mykje om fisket på denne staden. Det var for få fisk som kom inn og me var for mange om dei. Me sleit oss ein og annan, ofte med dagar i mellom, men det var ikkje å verta rike av. Ein morgon var ein av japanarane komen ut og då eg rodde framom han, såg eg at han drog på ein stor fisk og måtte gjeva ut rett som det var. Ein time etterpå rodde eg forbi atter, og han låg og drog på same staden. Det same hende endå ein time seinare. Men då eg ei stund seinare kom heim i båtstøi, låg der ei kveita so stor at eg aldri før eller seinare hev sett maken. Ho var breid som ei låvedør, og like lang som båten japanaren hadde, so det var ikkje å venta han kunne vinna med ho. Eg frette seinare at fleire hadde hjelpt han, fengje krøkt anglar i ho og flota ho til lands. Ho var sikkert over 100 kg.

Me vart verande ei vekes tid der på staden, men so høyrde me om bra fiske ei halv dags reis der ifrå og ein vakker dag tok eg pargasset mitt i båten og drog av stad. Eg stogga ei vekes tid der og, men gjorde det ikkje stort betre enn fyrste plassen. Men eg hadde mange forvitnelege opplevingar der som eg seinare hev kome i hug med hugnad. Soleis såg eg ein dag 3 fine hjortar i ei vik, dei var litt mindre enn dei norske og såg ikkje ut til å vera redde. Ein annan dag hadde eg ei morosam vitjing av ei havørn som slepte ei stor turrgrein ned på meg då var på land i eit nødvendigt ærend. Ein dag såg eg den vidgjetne sjøormen, det var nivst. Eg hadde vore ute frå i 4- tidi om morgonen, hadde ingen ting fenge, soli var kome høgt og eg var trøytt og søvnig og rodde seint og sutelaust langs landet. Då med eitt skvatt eg opp. Eit stort spist hovud på ein lang grå hals kom pilande opp or sjøen mellom båten min og land og med ein fart som ein hydrofoilbåt piska det sjøen kvit medan kroppen vridde seg i buktningar bak gjenom sjøen, kor langt kunde eg ikkje sjå. Han heldt same leid som eg, og eg venta berre at han skulde gå til åtak på kanoen min, men før eg visste av det senka han hovudet og gjekk under, og eg såg han ikkje meir. Eg fortalde dette då eg kom i land, men dei berre lo åt meg og sa at det var ei sjøløva eg hadde sett, det var det vel og.

Ein vakker still solskinsdag rodde eg so attende til Cap Comenå. Eg hadde vel rodd ein time, då eg sakna øksi mi, ho stod att i ein stubbe ovanom der eg hadde havt teltet. So var det ikkje anna å gjera enn å ro attende etter ho, for utan øks var eg vanhjelpen. Men eg tok det med godt humør, ung og frisk som var og so hadde eg vesle Seips visebok liggjande på tofta, og i den song eg i takt med åreslagi. Eg lærde meg endå ein vakker song på denne turen, og han hev vore meg til mykje gagn og glede seinare i livet, mest som eit program som eg vil beda alle unge som les dette merka seg.

Han lyder slik:

Strekk din fot fremad frem med freidigt mot.
Vekk med alle veke drømme
styr ditt sind med troens tømme,
drikk av livets solskinnsstrømme
til det ildner i ditt blod.

Hvelv ditt bryst, se på livet fritt og lyst.
Fyld med friske pust din lunge,
lær av skogens fugl at sjunge,

Per Hundvin