Lindås bygdeboknemnd

Biletsamling

Bilete pr.gnr

Lydfiler

Artiklar

Anna arbeid

Kontakt

I

27. sept. 1963 - Russelaks

Det gjekk ikkje so godt med laksefisket fyrste sumaren eg var i Alaska. Me dorga i nokre vikor på ymse stader rundt Ketchikan, men reiste so utover til Vestkysten som dei sa eller omlag 100 engelske mil vest gjennom den store øygarden. Me hamna sistpå ved sudenden av den ca. 300 mil lange Baranofføyi på ein stad dei kalla Port Conklusjon. Der var det bra med fisk, men oppkjøparane sette no prisen ned til 30 cent stykket (omlag 1 kr. ) og om ein då fekk nokre laksar om dagen, vart det ikkje stor dagløni.

Kameratene mine frå Waschington var ikkje med utover, so eg hadde ingen kjenningar. Etter nokre vikors fiske var det slutt med sesongen der og, so eg laut til å tenkja pa turen attende. Då var det at «Black Luis» dukka opp med kveitebåten Annie. Han dreiv vanleg vis med kveitefiske ute på bankane, men no vilde han prøva med snurpefiske etter en mindre lakseart, den sokalla humpbacs som kom inn frå havet i usturteleg mengd i juli — august.

Det er den same lakse-stammen som hjå oss vert kalla «Russelaks» avdi russen hev ført yngel over til elvane rundt Murmansk og han no kjem inn i dei norske fjordane og elvane heile kysten sørover. Han er mykje mindre enn den vanlege laksen, veg mellom eitt og tvo kilo og merkjer seg serleg ut med at han etter eit opphald i elvane vil få ein heller stor kryl på ryggen, derav namnet. Det er ryggfinnene som veks ut og vert stiv som sole-ler. Når han kjem inn frå havet, er han feit og fin, men ljosare i fisken enn den andre laksen. Etter han kjem opp i elvane sluttar han heilt å taka føda til seg, det er berre gyta han då vil, difor vert han tunnare og magrare di lenger han står der, det er berre ryggfinnen som då veks.

Black Luis - rettare Svarte-Ludvig - var frå Gøteborg. Han åtte skuta og hadde 3 mann ombord, men hadde bruk for 3 mann til og det bar då soleis til at me gjekk ombord, ein svenske som heitte Karl Andersson, ein amerikanar, Bob Faster og so eg. Båtane våre tok dei på slep so bar det inn til næraste by for å proviantera. Byen me kom til heitte Wrangell, eit namn frå russetidi. Russland åtte Alaska fram til 1867 då dei seide det til U.S. for 7 200 000,- dollars.

Me vart verande i byen eit par dagar og det vart kjøpt inn rikeleg både med mat og drikka - serleg det siste - og so bar det ut til Point Ward, eit Cannery (hermetikkfabrikk) som låg ei halv dagsreis utanfor byen. Dei skulde halda snurpenot. Turen utover hugsar eg best av alt. Det var ein laurdag med fint ver og me kom avstad i middagstidi. Ein liten filipinar som skulde arbeida på fabrikken fylgde med oss utover, han vart sett til å styra. Han fekk oppgjeve eit nes langt ute i fjorden, so gjekk skipparen til køys. Det same gjorde 2 av dei andre karane. Ingen utan skipparen var kjende, og etter eit par timers reis, var me ute ved neset og då leidi vidare visste ingen.. Alle utan filipinaren og eg var meir eller mindre fulle, og skipparen var det uråd å få liv i kor mykje me enn prøvde med vatn og slag. Eg som var fråhaldsmann var kokk den dagen og heldt meg so godt eg kunde nede i byssa. Berre dei 2 yngste av mannskapet var no på beina og gjekk og slong på dekket med visor og galenskap.

No tok maskina til å slå seg vrang. Ho raste opp, som ho vilde sprengja heile båten, so heldt ho på å stogga og dunka over all måte. Eg var heilt ukjend med motorar so eg kunde ingenting gjera. Endeleg vakna då skipparen so mykje til liv at han sa: «Stogga maskina og hiv ut ankeret». Ein av karane fekk då heist eit segl, og for ein liten bris låg me då og rak. Men no vilde karane sigla, for båten hadde stort segl. Dette vart då heist og for ein liten bris bar det vidare - ingen visste kvarhelst. Ikkje fekk dei retteleg bruka seglet heller, for storbommen tok i ein david som stod opp på sida av styrehuset, og før dei fekk han vekk, slo ikkje seglet ut. Då vart eg vart kalla opp av byssa for å hjelpa dei.

Daviden — ein stor jarnbøyle som var bruka til å heisa doryane opp med, vog 60 - 70 kg og var festa til styrehuset med eit jarn. Eg bad dei halda bommen attende til eg fekk løyst daviden, men i det same eg fekk han opp av sporet slo bommen imot og sopte både meg og daviden på sjøen. Eg var snart på ryggen med den tunge daviden over meg. I daviden hong 2 store blokker og ein stor kveil med tog. Eg kom djupt ned før eg kom meg fri og vann symja oppatt til overflata. Heldigvis hadde skuta ingen fart, so eg kom oppatt ved sida og såg då at eg hadde ein ende av toget rundt armen. Eg var snar og fekk retta toget til ein av karane som stod ved rekka og venta meg opp att, og båe fekk dei då hala daviden opp. Men det tok lang tid, for toget var langt og daviden tung. Sjølv kravla eg meg ombord og gjekk i lugaren og bytte klede.

Det vart ikkje mykje om siglingi etter dette. Karane tykte dei hadde fenge nok av dette slaget - og då me sistpå rak inn i ei trong vik, kasta me ut ankeret og la oss til for natti.

PER HUNDVIN