Lindås bygdeboknemnd

Biletsamling

Bilete pr.gnr

Lydfiler

Artiklar

Anna arbeid

Kontakt

1. nov. 1963

Me slutta sist med at me på veg ut til fabrikken Poynt Ward hadde reke opp i ei vik og der lagt oss til for natti. Dagen etter var det sundag og same vakre veret. Det kan henda folket på båten – og då serleg skipparen vart opp i undring om morgonen då dei kom på dekk. Her låg me inne i ville skogen med høge tre ikring oss. Det var fjøra sjø då, og berre ei lita renna synte kvar me var komne inn. Ingen av oss hadde det ringaste anelse kvarhelst me var. Men so fekk me oss då frokost og det hjelpte mykje på humøret, maskina vart sett igang og me kom oss ut i rom sjø.

Etter kvart fekk då skipparen landkjenning, og det synte seg at me ikkje var komne so reint ut av leidi heller, so fram i mot middag nådde me Poynt Ward.

Dei var elendige og i bakrus alle karane, og godt var det at det var sundag so dei tekk kvila ei natt til. Då dei fekk høyra at eg som var fråhaldsmann hadde fare saman med ein david, fekk dei seg ein god lått og endå meir rart var det at eg hadde kome oppat med daviden. Slikt hadde aldri hendt før, sa dei.

Mandagen etter fekk me då notbåt med snurpenot frå fabrikken og so var det gå ut og leita opp fisken. På denne tid kom han inn frå havet i store stimar, og han var lett å finna, for or kvar dott var det alltid eller fleire som hoppa. Ein kunde sjå drevet på lang veg. Han gjekk opp i kvar einaste elv og bekk som han fann for å gyta, og i hølane i elvi kunde han stå so tett at ein ikkje såg botn. Bjørn og ørn hadde sitt store årlege gjestebod på denne tidi. Vanlegvis stogga han ein dag eller tvo framom kvar elvemunning før han gjekk opp og då var lett å ta. Der kunne vera fleire tusund i kvar dott.

Notbåten me fekk var stor og breid og hadde eit «tørntable» bak. Det var eit firkanta bord 3x3 m som låg jamhøgt med æsingi og gjekk på rullar. Oppe på det låg noti. Når me skulle kasta, batt me lettbåten i øyra på noti, kasta ut nokre famnar not og sette so maskina i gang. Noti rann då ut av seg sjølv og bordet som ho låg på dreidde seg etter kvart som me ringa fisken inne. Fisken vart aldri skremd det eg kunne sjå. Ikkje stakk han under heller, for me var oftast på so grunt vatn, at noti tok botn. Det var rein og flat sandbotn utfor kvar elvemunning og det var der me tok fisken. Me gjekk rundt til me nådde att i lettbåten, då var det å hala inn snurpelina frå begge båtane og etter ein halv times slit, hadde me fisken i posen. So var det å draga noti om bord. Ringen rundt fisken vart no mindre etter kvart og snart var sjøen som ei kokande gryta av fisk som sprella og streid for livet sitt. So var det å gjere orkast og det var ikkje noko enkel sak.

Lettbåten vart lagd på utsida av noti og ein firkanta breid håv som var fest til ripa på notbåten, vart dregen etter botn på noti og ut til lettbåten som hadde tog i han og hala han opp. Ei tung jarnrøyr var fest til ytste jaren av håven slik at han gjekk etter botn. Frå notbåten hadde dei lina i båe ytterkantane av håven. Når dei då drog inn desse linone, håvde dei all fisken i håven innover ripa til seg. Ein kunne få fleire hundre fisk i kvart orkast. Det var eit «himmelsk forver« med slaps og sprøyt medan dette stod på, men etter nokre minuttar i notbåten roa no fisken seg. Det kunne taka timar før me fekk noti tom, men då hadde me og for det meste so mykje last at me kunne gå inn til fabrikken med fisken.

Prisen var elendig. Ein og ein halv cent stykket var alt me fekk eller omlag fem øre. For 1000 fisk vart dette kr. 50. - som skulle delast på 6 mann. Kr. 8,33 kvar. Men som oftast hadde me no fleire tusund fisk, so litt vart det no likevel, sjølv om utgifter til olja og proviant gjekk ifrå. Det hende ofte, at disse fiskedottane eller «skoli» som dei vart kalla stod så nær kvarandre at me kunne ringa fleire i same kast. Då kunne me stundom gjera storfiske. Eg minnest soleis siste turen eg var med dei ut. Då var me sers heldige. I eit kast ringa me soleis 4 slike skol og dette var endå før frukosten. So gjekk me til ein annan elveos eit stykke der i frå og der ringa me heile 5 skol i eit kast. Me lasta fyrst notbåten, so skuta, som tok mykje, og etterpå ei stor firkanta pram som me førde med oss til førsleskute. Då me kom inn til fabrikken om kvelden, talde me opp heile 12.000 fisk (eller vel det.) Dette var rekorden denne sumaren. Det giekk greitt å verta kvitt fisken. Me hadde ein «pju», som ein høygaffel med ein tind, og med den lempa me då fisken opp i fabrikken sin tank medan ein mann frå fabrikken stod med eit teljeapparat og kontrollerte talet. Korleis det seinare giekk med fisken til han kom ut i hermetikkboksar er eit kapittel for seg sjølv, som eg kanskie kan koma attende til ein annan gong.

PER HUNDVIN