Lindås bygdeboknemnd

Biletsamling

Bilete pr.gnr

Lydfiler

Artiklar

Anna arbeid

Kontakt

10. jan. 1964 – Hermetisering

Ein høyrer otte sagt at den amerikanske laksen ikkje er so god som den norske, På ein måte er dette rett. For den laks me her får i boksar frå Amerika er av dei ringaste sortane. Den store King Salmon eller kongelaksen som me kallar laks vert ikkje hermetisert Han går til salting, og røyking – og er etter mi meining like god som den norske. Det er særleg humpbacken - russelaksen - som særlg går til hermetisering. Han er den billegaste, men og den ringaste. Han er ljos i fisken som aure hjå oss og er ikkie rekna som noko god vare.

Når ein snurpar kjem inn med ei fiskelast, vert fisken teken hand om med eln einaste gong. Kvar fabrikk hev ein fast stab med arbeidarar og desse må vera reide til taka fatt natt som dag. Kvar hev sitt bestemte arbeid. Dei bur for det meste i telt eller hytter rundt fabrikken og er fagfolk som kinesarar, japs, filipinarar, indianarar, og stundom og negrar - slike som nøgjer seg med liti timeløn. Det er litt av ei oppleving å sjå korleis denne hermetiseringi gjeng føre seg, kor praktisk alt er ordna, korleis alle hjelperåder og tekniske finesser er tekne i bruk og «løpande band» er utnytta til siste instans.

Den yttarste part av fabrikken står på pålar ute i sjøen. Her legg fiskarane til og gaflar fisken opp. Ein tek aldri i han med hendene. Eit løpande band skapt som ei renne med spiss botn går frå fabrikken og ut der, og i den vert fisken lagd pa rygg med hovudet føre. På vandringi innover er det då maskiner som gjer arbeidet. Ei kutta hovudet og spor av, ei skjer han opp og riv ut sloget, eit «styrtbad» av vatn vaskar han heilt rein og alt avfall går i sjøen. Komen opp i fabrikken kjem 4 — 5 knivar opp og skjer han høveleg store molar, so kjem han opp på eit bord der dette band legg han ifrå seg. Ved bordet set 7-8 kvinnfolk og med kvikke fingrar vert molane med litt salt lagde i boksar, som vert tilførd på eit anna løpande band, kjem tome fram og går fulle vidare utan stans. Snart dett eit lok ned på boksen og straks etter kjem eit stempel og klinkar det fast med eit slag, medan boksen fortset vidare. Ved enden av bandet, står 2 mann som tek boksane av og set dei pa ei rama som går på hjul og som dei kan plasera nye råmer oppå etter kvart som dei fyrste vert fulle.

Når ramelaget er meterhøgt. ser det mest ut som ein firkanta kasse og på jarnskinner vert han då skudd inn i kokaren. ein stor sylinder som ligg på sida og kan taka 12 slike kassar eller meir. Når kokaren er full, vert døri skrudd att heilt tett, stim vert sett på og under eit bestemt trykk vert fisken då stimkokt i vel ein time. Han er då ferdig kokt, kokaren vert opna og boksane tekne ut og sett til avkjøling.

Dei er då mest sprengde av den varme lufti so kvart lok hev runda seg opp i ein boge. Men etter ei tid er dei avkjø1te, lufti inni dei kverv i hop og med ein liten smell vert loket trykt nedatt av lufttrykket. Eg var fyrar på ein slik fabrikk ein sesong - ein av dei mindre - og sovidt eg hugsar var det omlag 20 tusen boksar me hadde i kvar koking. Når det so var fleire kokingar om dagen, og dei heldt på eit par månader, var det eit bra stort lager dei hadde når sesongen var slutt. Etikett vart so påklistra boksane med hand, og dette var akkordarbeid. Boksane vart so pakka i kassar på 48 st i kvar, og var då ferdige til skiping. Rutebåtane som gjekk opp frå statane eit par gonger for vika, hadde last med nedover for kvar tur frå mindre fabrikkane, dei store hadde eigne båtar til dette. Der var mange slike fabrikkar i sudaust-Alaska den tid eg var der. Kvar hadde sin faste fiskeflåte, og arbeidsfolk som dei for det meste tok med seg opp frå statane ved kvar sesong, og førde dei attende 2 — 3 månader seinare. Men jamen skulle det mykje fisk til å fylla alle desse millionar boksar.

Per Hundvin