Lindås bygdeboknemnd

Biletsamling

Bilete pr.gnr

Lydfiler

Artiklar

Anna arbeid

Kontakt

12. juni 1964 – Mrs. Tørsten Ein skulle tru at når ein kom til slik utkant av verdi som Alaska, var ein komen nordanom all folkeskikk, og berre hadde ville og halvville folkeslag å dragast med. So gale var det no ikkje. Eg trefte mange sers kloke og opplyste folk der oppe, dyktige menn og kvinner med høge skular bak seg som i utdaning og intelligens kunne måla seg med folk flest i Statane og Europa. Det var merkeleg sjå korleis dei mange nordmenn eg var saman med gøymde på minni om gamle Noreg og soga vår. Eg minnest soleis ein nordlending eg trefte, som i eit lite blad, Agder, hadde funne eit dikt av sogediktaren Jakob B. Bull om Jonas Reins tale på Eidsvoll den 16. mai 1914 Det er eit meisterverk skapt av ein stor skald. Berre so rart at det ikkje er å finna norsk bokverk. Han hadde skrive det av, og eg fekk nå låna det og gjera det same.

Der oppe i byen Wrangell trefte eg og på Mrs. Tørsten Ho var skotte av fødsel, orkesterkvinna og violinist, hadde vore tilsett i ymse orkester i England og Amerika, men var no gift med ein entreprenør, Harry Tørsten, som ei tid hadde arbeid oppe i Wrangell. Eg hadde litt arbeid for han der oppe og vart soleis kjend med dei. Fru Tørsten gav da timar i felespel. Ein dag gjekk eg opp til henne og spurde om eg kunne få nokre timar i notelære. Jau, det laut verta ei råd med, svara ho. Eg kunne taka fela med meg å koma att ein dag seinare. Ho vart opp i under då ho dagen etterpå fekk sjå kva fela eg hadde. Ei slik hadde ho aldri sett før. Det var ei både god og sers vakker hardingfela laga av den landskjende felemakaren Anders Helland, innlagd med perlemor og med 5 understrenger. Ho såg og snudde på fela, strauk over strengene og undra seg over den merkelege lyden understrengene gav. So bad ho meg spela ein skala, og det gjorde eg. Etterpå bad ho meg spela ein norsk folketone og eg klemde i veg med: «Eg ser deg utfor gluggen». Ho såg nøgje på medan eg spela, men sa då eg slutta, at eg heldt fela rett og hadde bra bogeføring. Eg hadde før lært ikkje so lite slåttar og tonestykke og hadde havt bra læremeistrar som Tobias Tveiten, Ola Mosafinn og Arne Bjørndal, men dette var berre spel etter øyra, notar hadde eg ikkje lært. Fru Tørsten skreiv då etter nokre notehefte og då dei kom, tak øvingi til. Men det var ikkje berre moro. Ho spela fyrst tonen igjennom og for over han so leikande lett, at det var moro å høyra på. Men når eg då skulle til var det noko anna. Kven kunne vel halda greie på alle desse merkelege prikkar og strek og undarlege rumpetroll når ein samstundes skulle halda felebogen på rett streng og fingrane på spelebrettet? Ho laut spela med meg dei 2 - 3 fyrste gongene, men det var merkeleg kor snart det då gjekk lettare. Etter ein halv times tid greidde eg vanleg vis å spela gjennom stykket åleine, so fekk eg reinpussa det når eg kom heim. Eit av dei fyrste stykke me spela igjennom var E. Schumans Traumerei. Han var helst lett spela, dertil ein av dei vakraste som ein seint gløymer. Eg spelar han som for 50 år sidan, då eg fyrst lærde han. Av dei andre eg lærde frå dette heftet minnest eg serleg Ave Maria, Cavatina Santiago vals, Cavaleri Rustikan, Springs, og den lystige men vanskelege marsjen La Sorella. Eg spelar dei ofte med hugnad endå.

I dagane som no kom, vart eg mykje som ein gjest der i huset og både frua og mannen høyrde med stor undring på dei norske slåttane eg stundom kunne stryka opp, serleg dei på trollstillt fela som Nøringen, Geiteslåtten, Bjølleslåtten, Kivlemøyane og Fanitullen. Slik merkeleg klangfarge pa ei fela hadde dei aldri høyrt. Etter kvart tok me til med meir vanskelege stykke. Me skreiv soleis etter Griegs Peer Gynt suite, og der hadde me lenge arbeid. Åses død og sang gjekk det no ein gong å koma igjennom. Verre var det med Anitras dans, den fall det vanskeleg å greida. Men han var no ein av vakraste.

Det var merkeleg å sjå kor godt denne skotske kvinna hadde kjennskap til norske komponistar. Ikkje berre dei verdskjende som Ole Bull og Edvard Grieg, men slike som Nordråk, Kjerulf, Sinding, Svendsen og Halvorsen, folk som eg til då lite hadde høyrt namnet på.

Ein dag tok ho til tala om Islands soga. Ho nemnde soleis den Ældre Edda med sine Gude og Heltekvad som Voluspå og Håvamål, - ting eg sovidt hadde høyrt namn på, men aldri lese. Ho var sikkert ei som i unge dagar hadde studert ved skotsk universitet.

Læretidi mi vart diverre so altfor kort. Mannen hennar tok seg arbeid oppe i storbyen Juneau og ein dag eg kom attende frå ein tur til Vestkysten, var dei reiste dit opp. Sidan frette eg ikkje av dei. Men del stundene me fekk vera saman vil eg altid minnast som dei gildaste og rikaste eg hadde i Amerika.

Per Hundvin