Lindås bygdeboknemnd

Biletsamling

Bilete pr.gnr

Lydfiler

Artiklar

Anna arbeid

Kontakt

I Strilen 8. febr. 1963

Ho Raila i Botn

Kven kjenner ikkje til dette namnet av vaksne folk her i Hundvingrend? Ein person som merkte seg ut slik som ho gjorde finn ein ikkje mange av. No hev ho alt lege i kyrkjegarden på Hundvin i 12 år, men endå høyrer ein rett som det er herme etter henne mellom folket her. Ho hadde ein måte til å ordleggja seg på som var utanom det vanlege, med råmande bilete og originale uttrykk som folk laut hefta seg ved. Det var sjeldan ho var inne i eit hus utan at ho let etter seg eit og anna ord som folk laut ha oppatt.

Namnet hennar var elles Ragnhild Hognesdotter og ho var fødd på Syslak i Lindås 9. jan. 1857. Faren var frå Syslak. ein bror til Mons som då levde og mori heitte Anna og var frå Manger. Då Raila var årsgamal flytta dei til Botn, ein plass under Vik, som dei fekk bygsla og her voks då Raila opp. Plassen var so liten so dei fødde berre eit par kyr og nokre sauer, men Hogne var bygningsmann og for rundt på arbeid, so dei greidde seg som andre folk der levemåten på den tid var enkel og tarveleg. Ho hadde 3 brør som flytta til Bergen og busette seg der då dei vart vaksne. Sjølv vart ho verande i Botn all sin dag — då med undantak av siste halvåret då ho budde på Berge, der ho døvdde den 29. jan. 1949 i ein alder av 92 år.

I sine yngre år gjekk Raila mykje rundt på arbeid i bygdi enten det no var i onnorne eller det var på spinning og veving. Ho var mykie netthendt og kunde laga fine ting i vevnad og saum. Men etter at mori døydde, vart ho meir bundi til heimen som ho stelte på ein framifrå måte. Ho hadde det alltid so reint og kvitskura, og det var ein uneleg stad der inne i Vikebotn med den herlege utsikt over Vikevatnet og gardane ikring. Ho var jamt å sjå etter vegen enten det no var til handelsmannen ho skulde eller eit anna erend og då hadde ho jamt eit spøt millom hendene. Trefte ho då nokon, var ho huga på ein prat og folk gav seg gjerne tid med henne, for ho hadde slikt eit velsigna godt humør og slik målføring og tonelag at folk laut merkja seg det ho sa. Her er nokre herme etter henne:

Ho kom ned til postopnaren med eit brev ein dag. Dei sat nett og fekk seg kaffi og bad henne koma inn å ta ein kopp med dei. «Nei, dette er då reint uforskult, at de skal spolera noko kaffi og mat på meg,» svara ho.

En annan gong skulde ho til Bergen og kom ned i bryggehuset på Hundvin kl. 3 om natti. Dei hadde ikkje bilrutor i den tid, ikkje var båtrutene so sers laglege heller. Det var om hausten og menneske stod alt i budi og venta. Ho helsa og sa:«Eg veit ikkje enten eg skal seia godkveld eller godmorgon, da æ no so bort i nattæ.» Vegen frå Vik var lang, truleg hadde ho ikkje sove før ho gjekk heimanfrå.

Ho arbeidde litt hjå grannen min her ein vår og skulde då m.a. rydja på bøen og «midla lort» som me sa. Folk flest hadde korkje hest eller harv i den tidi, og ikkje kunsthevd heller. Ku-lorten hadde hardna til i soli og gjekk ikkje godt sund. «Eg brukte både rivo og treskoa på han, sa ho, då ho kom inn til nons,« men han forsvarde seg på aidle måta.»

Kona på garden held på vogga på veslegjenta si. Raila såg ned i vogga. «Ho er so blank i augo so da vøre ein stare», sa ho.

Ho skulde ein tur ut i Kvalvågen ein sumar og gjekk lag med ei kona frå Hundvin. Det var varmt i veret. Raila tok sko og sokkar under armen og gjekk berrføtt. Ute i skogen trefte dei på eit vegstykke som berre var pokka, men det såg ikkje ut til at dette hefte Raila. «Eg skynar ikkje at du kan greia å gå berrføtt i denne pokken», sa kona som var med henne. «Å, eg hev no ikkje nett vøre van te gå på rose», svara ho Raila.

Ein haust selde ho nokre smaleskinn til ein oppkjøpar her. Han såg på skinni og sa at det eine var lite. «Ja. men da rakk no rondt beiste,» svara ho.

Ei av grannegjentone hennar hadde vorte trulova og hadde havt kjærasten heima hjå seg. Ei grannekona spurde Raila om ho hadde sett han. «Ja, da trur eg vest. Han va so kvit i brengene som ein nysløgd tøsk.»

Ein dag var ho på vitjing hjå ein slektning ute på Lauvås. Kårmannen der var i 80-åri, men heldt seg godt. Det tykte Raila og. «Han Arne er rak som ein års-vekst», sa ho.

Då faren døydde, var ho ute hjå lensmannen og melde dødsfallet. Lensmannen spurde då om ho ikkje var redd å vera åleina i huset med liket. Svaret var som ein kunde venta av ho Raila: »Eg va no aldri redd han mæ han levde, so skulde eg vel ikkje vera meir redd han no, han er dø».

Ho var høg og rakvaksi, Raila, men ryggen krøktest med åri. Sjølv trudde ho ikkje det var alderen som gjorde det. «Eg datt so stygt på hålka i Skarbrekka ein gong, då slo eg no fasongen tå meg», sa ho.

Noko av det siste eg høyrde var då ho var til Bergen og skulde kjøpa seg briller. Ho var då i 80-åri. Ein augnelækjar hadde teke brillene ut, for det skulde han ha kr. 10, «Men då vart eg forfær,» sa ho Raila. «Du vil no ikkje ha heile kr. 10 berre for å sjå meg inn på augo?» Jau, det er no taksten, men hev du lite råd fær det vera med kr. 5, — då. «Ja, da må no vera rikeleg,» sa ho.

No er ho borte, men minnet om henne vil leva lenge. Det er hugnadsamt å treffa slike folk med godt humør og eit ljost sinn. Gjev me hadde mange slike.

Per Hundvin.