Lindås bygdeboknemnd

Biletsamling

Bilete pr.gnr

Lydfiler

Artiklar

Anna arbeid

Kontakt

Fatigmannsvisa av Ivar I. Kårdal,
prenta i Sandnes og Jærens Avis 22. mars 1935

Ei visa vil eg dikta og senda menig mann.
For eg vil ingjen svikta, men virka alt eg kann.
Eg hadde litt å seia om eitt og anna stell,
her er 'kje råd te teia,— ein kann 'kje teia held.

Sjå dagane er mange, og målæ monge fleir,
og åre dei er longe, vert trøytt og leid og meir.
For tiæ i me leva er skjemd og utorhult,
at kor ein slit og stræva, for bonden vert det svult.

Ja den som ha kring borde ein otta nie bodn,
— da æ'kje berre orde ka der ska te med kodn.
Og sko og klæ og klut" og vask og vøla mæ,
den moræ får 'kje luta kver gong ho søvnig e.

Siå dei med stora løne som passa lønæ sjøl,
— og dera feite søne, dei sleppa borga mjøl.
Sjå slike våga seia ein stelle seg te fant,
men nie bodn å greia, det er 'kje spøk iblandt.

Ein heve kuns ei kista, og den er av dei små,
umlag ei vekes nista, det gifte dei seg på.
Ein låna må i banken når det skal byggjast hus.
Den ædle frihetstankjen, — der ramla den i grus.

So heve da det lagje at lyden te han veks, ,
ein set om borde seks. so jamen vert da knagje
Og både mann og kåna må stræva i ent sett,
ja reint i sveitte dåna, ein er 'kje alltid mett.

Og når ein kjem i mangel, det aukar te med sorg,
ein må te kjøpmann Angell og få litt mjøl på borg.
Og borging er desverre no berre eingong bra,
og sidan får du vare so tidt du pengar ha.

Dei seie fattigmannen han et all væra opp. —
Men et dar ingjen an en, so må då han få nok!
Og får ein av ein kasse, ei hungerveikkja,
ja, då et ein slik ein masse at sturt ein gjere ska!

Gud hjelpe kver ein stakkar som kjem i armods naud, —
når so langt ned det lakkar— han eta andres brand.
Gud hjelpe dei små munnar som ingenting formå,
som svelta og lig unda og ser seg ingje råd.

Dei skipar kommisjonar, dei lagar te budgett.
Til det ein vel personar som alltid et seg mett.
--sjølv heve nøgdi braud, På olbogen ligg hjarta,
er utan sut og smerta, er framand for all naud.

Det er 'kje nok med detta, me har dei store reir
som knapt ein orkar metta, dei krevia meir og meir.
Dei fattige er nøgde med smular, og so stopp,
men uppå øvsta høgde, — der får me punga opp. —

Eit hundra krone årleg te lyden må ve' nok.
Den kjeringjæ er fårleg hvis ho et meira opp.
Men tenk på deira maga som tjuge tusen får,
dei måtte skjemmast klaga og laga sultekår.

Folk skulde vera ærleg, til alle sider sjå,
og vera meira kjærleg og glæ dei arme små.
Sjå rånæ den er liten og attåt illa stell.
Men sjå ein har i hitæ når Tabors folk det gjeld.

Dei mange tusen rike på kassen spelar stort,
sjå det er nettop slike som tyner landet vårt.
Dei trekkje digre summar og får ein diger kropp,
men ikkje mange tommar med jord dei dyrkar opp.

Eg vågar det å skriva, ei sanning full og heil:
So hardt som bonden streva so lev' han mindre vel.
Det besta som han avla, det er no smør og mjelk,
men kunæ knapt hev kalva før smøre det er selt.

Kven skal me skuldi gjeva, kven skal me skjenna på,
at her er dyrt å leva med skattar i det blå?
Dei herrar landet styra og basar her og der,
dei er so flotte fyra det undanbakkien ber.

Ein masse gjeng og reika og dampa allslags røyk,
og andre fara preika og selgja pene bøk.
Ein del dei skriv romaner og glupe bøk gjev ut.
Dei største lagar planar um krig, um eld og krut.

So hev me embetsmenner utav dei mange slag,
er lærd i alle endar, studert i alle fag.
Ein segjer han er dokter, ein annan agronom,
ein tridje bygdevoktar, eit relativt pronom.

Ein øyder ut og spildar og slukjer til seg alt.
Det var no mykje gildar um ingen av oss svalt. —
Me pliktar sjølve elta den kako som me treng,
og byggja våre telta og reida upp vår seng.

Men har du von um lukka, tak ingenting på rus.
Det set so mange sukka med tome fat og krus.
Kan henda ein hev øydsla og rusa av og te.
Det grisar ein plar gjødsla og ikkie menneskje! —

Sjå mat me nøgdi hava, men delar ikkje rett.
Me taka ifrå trava og gjev dei som er mett.
Me grepa er å baka, men skifta fåe kan,
frå Lazarus me taka og gjev den rike mann.

Um presten treng- um bonden, og bonden treng um prest,
det er 'kje rett igrunnen at presten skal ha mest.
Men begge to skal leva og læra kravlausheit,
men bonden armast stræva og presten han vert feit.

Skal me so ikkje venta at folkje danar seg,
so både sum og renta ein byter broderleg?
Dei lærde no må hamna på meistaren sin veg,
få allting soleis jamna at her vert uneleg.

Åjau, me alle håpar koma or vår skuld,
ja sume år med kåpar og andre år med gull.
Ein kunde dette meina, men sjå no kor det går,
me har for mange sveina som et upp hud og hår.

IVAR I. KARDAL