Bilete frå Lindås bygdebok

Bilete samla inn i samband med Lindås bygdebok
Heim > Biletkategori > Biletalbum
Klikk på biletet for å sjå det i full storleik

Gnr.104/3. Gravferd frå Grytenest på Haukås til Brita Hansdatter Fjellanger. Dette bilde er teke like sør for husa på gnr.104/3 Haukås. Eigar i dag er Hans Jarle Haukås. Bakgrunnen er litt av Fjellangervågen, Brundtland, Gaulenåsen og Konglevoll. Me sa alltid dei på Træ, men det er meir sjeldan no. Eg kan hugse husegrunnane som var brukte til steingard mellom bnr.2 og 3 under utskiftinga i 1958. Dei stod like bak haugen på bildet. Jordkjellaren står ca. 60 m lenger sør, og står der den dag i dag.Barna på bidlet var fødde her på Gryteneset som det er kalla. Grunnen er at det er 2 gryter nede ved sjøen. Desse folka, Ole Nilsen Saltnes kjøpte eit gardstykke som vart bnr.10 på Haukås der etterkommarane bur no. Dei flytta frå Grytneset i 1902-03. Kona til Ole Nilsen, Ingeborg, var fødd på Haukås og foreldra heitte Ole Arnesen Bruvoll, 1829-1891, g.m. Brita Hansdotter Fjellanger (Træ) 1840-1903. Rasmus Holmås, eigar av bnr.3 flytta frå Raunhaugane i 1902. Han står bak til venstre for Nils Ingebrigtsen med kvitt skjegg og stav, bak Katharina står Elisabeth Marie 27 år, Ingeborg Bergitta 25 år, Berta Malena 16 år og tvillingsøstera Olufina Barbara som døydde av tuberkulose i 1917 30år gammal, bror til desse jentene Knut Teodor, Hans og faren deira Ole Hansen Fjellanger står heilt bak til venstre 1, 2, og 3. Knut Teodor var på redningsskøyte, sjå lua, Hans og faren med hatt.Kvinna med kvitt hovudplagg bak Nils og vesle Arne på armen er Barbu Knutsdotter Haukås og er kone og mor til dei nemnde. Arne Haukås vart kalla Ådne og kona Ingeborg med kvitt hovudplagg står bak barneflokken og han Nils med kvitt skjegg og stav. Mannen bak Katharina med skjegg og hatt er Berge Gunnarsen Fjellanger. Mannen til høgre for Berge og bak Elisabet Marie er Peder Martin Jørgensen Haukås som eigde Gryteneset. Bak Berta Malena står Sina Jakobsdatter Fjellanger og bak henne ektemannen Kristian Monsen Kvalvåg. Elles må dette vera folk frå Haukås, Fjellanger og Saltnes

0620.jpg 0621.jpg 0622.jpg 0623.jpg 0624.jpg
Filinformasjon
Filnamn:0622.jpg
Albumnamn:admin / Biletalbum
Nøkkelord:Gravferd
Filstorleik:88 KiB
Lagt til den:05 Apr 2017
Dimensjoner:800 x 566 pixlar
Vist:138 gonger
URL:http://lindaasbygdebok.no/cmineprg/displayimage.php?pid=628
Favoritter:Legg til i Favoritter
Legg til din kommentar 
namn Kommentar
Stadfest 
Ler :lol: Bråkar :-P Svært glad :-D Ler :-) Nøytral :-| Trist :-( Gråter eller Svært trist :cry: Cool 8-) Overraska :-o Forvirra :-? Forlegen :oops: Sjokkert :shock: Sint :-x Rullar med augene :roll: Blunkar ;-) Idé :idea: Trist :!: Spørjande :?: