Bilete frå Lindås bygdebok

Bilete samla inn i samband med Lindås bygdebok
Heim > Biletkategori > Biletalbum

1133.jpg
Gnr.108/25. Dette er serveringsdamene som serverte i bryllupet til Harald og Olga Haukås. Frå v.: Oslaug Tykhelle, Åsta Haukås, Ingebjørg Syslak, Margit Anny Kolås og Hjørdis Korneliussen. Margit arbeidde mange år i butikken til Elida Kolås, tanta til Olav J. Kolås.
1134.jpg
Gnr.107/5. Dette er bilete av heimehuset til Olav og Margit Kolås ein fin sumardag. 1970
1135.jpg
Gnr.107/5. Her er Jannicke i militæret. Ho gjekk på befalskulen på Lahaugmoen ved Lillestrøm. 1998
1136.jpg
Gnr.107/5. Her er Karen og Jakob Kolås med to oldebarn på fanget. Dei sit i gamlestova på bruket. 1976
1137.jpg
Gnr.107/5. Her er tunet til Jakob og Karen Kolås.
1138.jpg
Gnr.107/5. Dette er den gamle gardfloren som Johan Kolås murte opp, han var far til Jakob J. Kolås.
1139.jpg
Gnr.107/5. Olav J. Kolås med rutebussen på Fonnes bryllupsaftan til Olav og Margit. 1948
1140.jpg
Gnr.107/5. Her er det Olav og faren Jakob som driv i slåtten. Kjøredoningen som Olav kjører er ein ombygd bil, det var ein del slike omkring i bygdene. Han har rakemaskina på slep. 1952
1141.jpg
Gnr.107/5. Dette er Olav J. Kolås og kona Margit 17-mai 1978. 1978
1142.jpg
Gnr.107/5. Dette er Olav J. Kolås med hesten ”Turid” som var hesten på bruket. 1978
2495 filer på 250 side(er) 103