Bilete frå Lindås bygdebok

Bilete samla inn i samband med Lindås bygdebok
Heim > Biletkategori > Biletalbum

4100.jpg
Gnr.118/1. Syskenflokken samla. Frå v: Borgny, Agnes, Osvald og Mikkalina Tykhelle. Dette er i bryllupet til Osvald og Agnes 1952
4101.jpg
Gnr.118/1. Slik såg det ut då Osane var frosne slik at folk kunne gå frå Kalvetrækaien og ut til Strømsosen. 1944
4102.jpg
Gnr.116/8. Batilde Monsdatter Hosteland f. 1820 d. 1899.
4103.jpg
Gnr.116/8. Johan og kusina Ingeborg, og Kirsten Lauvås, desse brukte vissnok namnet Loftås. Biletet er teke i Chicago
4104.jpg
Gnr.116/8. Halle og kona Svanhild saman med borna sine Maria Debora og John Luix Lauvås 2007
4105.jpg
Gnr.116. Flyfoto av garden Lauvås. Vegen til Kårdalen er ikkje ferdig. 1958
4106.jpg
Gnr.116/8. Bak frå v: Isak Hjelle, Synnøva Lauvås g. Andersen, Johannes Lauvås. Framme: Andreas Lauvås, Mons Johan Lauvås,Isak Hjelle Lauvås, Arngunna Hjelle Lauvås med Halle på fanget. 1947
4107.jpg
Gnr.116/8. Frå v: Elida Marie Lauvås f. Sjurseth, Marta, Arngunna f. Hjelle g. m. Mons Lauvås, med Magne Lauvås i armane, Andreas Lauvås med Johan på fanget. Dei tre barna er trillingar. 1953
4108.jpg
Gnr.116/8. Etterkomarar etter Andreas og Elida Maria. Frå v: Einar Andersen, Andreas Lauvås, Halle Lauvås, May Irene Mæhle, Marit Hansen, Isak Hjelle Lauvås, Johan Lauvås,Lars Soltveit, Marta Lauvås, Terje Lauvås Andersen, Alf Petter Andersen, Magne Lauvås, Magne Molvik,Arvid Soltvedt, Arne Lauvås Andersen. Framme Sigrun Soltvedt og Synneva Andersen. Bak det gamle huset på bnr.8 Lauvås.
4109.jpg
Gnr.117/8. ”Kvalpeskuret” på revefarmen heime. Biletet er teke etter at revefarmen vart redusert frå stor til liten.Frå starten var det eit parteigarlag der fleire i distriktet var eigarar, og far var medeigar og dagleg styrar. Det gjekk godt dei første åra, med salg av livdyr og gode skinnprisar, og det vart utbytte på eigarane. Premiesløyfer for fine sølvrevar både i Oslo og Bergen.Men då krakket kom med kraftig nedgang i skinnprisane, vart parteigarlaget oppløyst, og største delen av farmen reve ned. Far min Olai Mongstad dreiv vidare, men i mykje mindre målestokk. Då vart ”kvalpehuset” bygd. (Far min, Olai til venstre, Gudmund (bror) Henrik (med hatt) og August (bror) truleg frå 1934. Revefarmen vart avslutta truleg i 1941. Ca.1934
2495 filer på 250 side(er) 202