Bilete frå Lindås bygdebok

Bilete samla inn i samband med Lindås bygdebok
Heim > Biletkategori > Biletalbum

4110.jpg
Gnr.127/8. far min Olai Mongstad med 4 sølvrevungar. I høgre billedkant litt av eit revehus. Slike hus hadde alle vaksne revar den første tida (avlsdyra). Dei var avdelt inni med soverom og hems. Soverommet var på ein del isolert. Ein person frå Lindås var det som lærte far korleis revehusa skulle lagast. Eg trur han heitte Gjengedal. Kyrkjesongar i Lindås, lærar Lothe var med på oppstarten av revefarmen på Mongstad. Om han var parteigar det er eg usikke på.
4111.jpg
sjekk! dette biletet manglar tekst
4112.jpg
Gnr.127/8. Heimegarden sett frå nabobruket (Mons Mongstad, seinare Sigurd Straume)
4113.jpg
Gnr.127. Litt av Mongstad med Mongstadvågen. Bildet viser ”Kjerringavika” og naustet heime på garden.Naustet heilt til høgre på fotoet. Bygget litt innanfor er ”nothuset”. Nothuset var felleseigd av alle hovedbruka på Mongstad, og plassen mellom nothuset og naustet vårt var offentleg tørkeplass for nøter, og som alle hadde rett til å bruke.
4114.jpg
Gnr.127. Mongstadvågen i brislingsesongen 1932-1933 1932-1933
4115.jpg
Gnr.127/16. Her ser me ”Storebua” i 1894 bygd av Ditlef Olsen Mongstad. Bilete er teke før Neptun Canning vart eigar. Eigar då var Harald Mongstad.Murbygget ”Fabrikken” var også bygd av D. O. Monstad (skal han kallast Monstad, Reidar trur dette) og stod ferdig til drift pålag då 1. verdenskrig slutta i 1918.Eigar då biletet er tatt var Nils Solheim som dreiv mekanisk verkstad (og bustad) og leigde det til Neptun Canning som dreiv hermetikkfabrikk der i mange år.
4116.jpg
Gnr.127. MONGSTAD.
4117.jpg
Gnr.127/8. Potetåker i blom. Olai Mongstad står uti åkeren saman med sonen August. Poteter var salgsvare til Bergen, Fedje og kystfolk.
4118.jpg
Gnr.117/3. Andre barnebarnet til Sigvald og Borgny, Linda Rosnes
4119.jpg
Gnr.117/3. Anita på hesteryggen. Første barnebarnet til sigvald og Borgny Rosnes
2495 filer på 250 side(er) 203