Bilete frå Lindås bygdebok

Bilete samla inn i samband med Lindås bygdebok
Heim > Biletkategori > Biletalbum

0588.jpg
Gnr.103/6. Hjalmar og Helge T. Fjellanger viser fram stortorsken teken på Lurefjorden. 1975
0589.jpg
Gnr.103/6. Helge T. Fjellanger hjelper bestefar Hjalmar Fjellanger å køyre 2-hjulstraktoren (Moto Standard) 1973
0590.jpg
Gnr.104/8 og 9. Frå telefonsentralen på Lindås. Frå høgre: Sofie Låstad Lygre, Olaug Solheim og Ragnhild Kongevoll. 1975
0591.jpg
Gnr.99/2. Handelsstaden på Vågseidet. Litlefjellet og Kolåsfjellet i bakgrunnen. Huset til høgre er bakeriet. Postkort Steinkopf Wold
0592.jpg
Prestegarden på Lindås før november 1917. Då brann han ned. Kyrkja med utedo, bak kyrkja løe og fjøs, til høgre for løa Borgstova og dei gamle prestehusa heilt til høgre. Postkort
0593.jpg
Gnr.103/10. Leite på Fjellanger. Krambu frå 1921. 1946/47
0594.jpg
Gnr.103/10. 70-års dagen til Helena Karlsdatter Holmås gift Fjellanger. Frå v. Framme: Kolbjørn Fjellanger, Gudrun Fjellanger, Alfhild Helena Haukås, Gunvor Fjellanger, Ruth Fjellanger, Helga Fjellanger og Helena Fjellanger. Bak frå v.: Oddrun Inger Guntveit, Oddleiv Fjellanger, Edvard Guntveit, frk. Grønneng, Inger Fjellanger, Kåre Kolås, Ingebjørg Kolås, Åsta Vågnes, gjertrud Kolås, Lars Kolås, Ole Andreas Thorseth og Anna Thorseth. 1945
0595.jpg
Lindås Tuberkuloseheim. Desse folka låg ute, men under tak og innpakka slik at me såg berre ansiktet deira. Her sit dei for avfotografering. I 1930 åra
0596.jpg
Lindås Framhaldsskule i 1924-1925. Lærar var Mons Risa. Framme frå v.:Hans Fjellanger, Lars Kolås, Mons Risa, Ludvik Lothe timelærar, Maria Låstad Lygre, Aslaug Låstad Lygre, Klara Kolås. 2. rekke frå v.: Valborg Kolås, Bjarnhild Fjellanger, Oddlaug Fjellanger, Oddrun Inger Kolås, Borgny Fjellanger, Hildur Låstad Lygre, Margit Fanebust, Ingeleiv Kvist Spjeldnes. 3. rekke frå v.: Reidar Fjellanger, Kolbjørn Fjellanger, Alf Lindås, Mikkal Lindås, Oskar Strøumsøy, Monrad Magnussen og Andreas Ådnevik. 1924-25
0597.jpg
Gnr.108/10. Handelsstad på Stenekaien. Den søre kaien på Lindås. Handelsstad, bak bua det gamle meieriet. Huset i bakgrunnen var doktorbustad frå ca. 1855 til ca. 1915. Frå 1915 til 1938 var det lensmannsbustad, og presten budde der etter 1917 i nokre år. Frå 1938 til 1965 vart det kalla Marumhuset, og frå 1965 Sanitetshuset. Båten til Nils Stene ”Lindås 1”
2495 filer på 250 side(er) 49