Bilete frå Lindås bygdebok

Bilete samla inn i samband med Lindås bygdebok
Heim > Biletkategori > Biletalbum

0821.jpg
Gnr.99/1. Olav Sjurson Stordal f. 1871 – d. 1937. Olav Stordal kom opprinneleg frå Stordalen i Masfjorden. (Han var bror til Torgeir S. Som vart skoten i Stordalen ein av dei siste krigsdagane i 1945). Olav var lærar (omgangsskulelærar) og var heimefrå i lange perioder av gongen. Arbeidsstadene hans femnde vidt: Lindås, Masforden, Astrheim, Radøy og ei tid også i Fana.
1890-åra
0822.jpg
Gnr.99/1. Anna Martina Jakobsdatter Stene f.1869 – d.1914. Anna Martina (Tina) var utdanna skreddar. Forutan å vera mor til 6 og stella aleine store delar av året, sydde ho alt til seg og borna. Ho fekk og tid til å veva mange store åkle.
0823.jpg
Gnr.99/1. gardshusa sett frå sør. Mannsperson med hest framfor huset på 99/1 ser ut til å vera Trygve Stordal. Ved porten inn til 99/4 (venstre bildekant) står det 4 born, truleg borna på bnr.4. Ca.1930
0824.jpg
Gnr.99/1. Magnhild og Sverre Stordal ståande ved kvar sin hest. Utsikt mot Fjellangervågen/Fjellanger/Haukåsskolten. Ca.1930
0825.jpg
Gnr.99/1. Bryllupsdagen til Elin og Henry. Elin og Henry oppi den gamle prestekarjolen. Det var denne karjolen som vart brukt til å skyssa presten til og frå gudstenester/begravelsar/ bryllaup i tida med presteskyss på bruket. Olav Stordal, far til Trygve hadde prestskyssen, og Trygve har fortalt at han som gut ofte skyssa presten. (til Myking var det mange grinder!) 5. aug 1977
0826.jpg
Gnr.99/6. Ester og Trygve Stordal med dottera Torbjørg mellom seg. (Esther 33 år. Trygve 35 år og ”Tobben” 4 år. 1941
0827.jpg
Gnr.99/1, Olav Sjurson Stordal, med sønene Sverre (f. 1900 – d. 1909) og Erling f. 1901. Ca. 1906
0828.jpg
Gnr.gnr.99/6. Trygve Stordal (51 år) med barnebarnet Elin (1 år) i tunet på 99/6. År 1957
0829.jpg
Gnr.104/4. Martina Hansdatter Fjellanger Ca.1900
0830.jpg
Gnr.104/4 Haukås. Elias Hanson Fjellanger. Han kom frå gnr.103/3 på Træ som det vert kalla. Han gifta seg med Martina Hansdatter Fjellanger på Myre. Ca.1900
2495 filer på 250 side(er) 72