Bilete frå Lindås bygdebok

Bilete samla inn i samband med Lindås bygdebok
Heim > Biletkategori

Siste opplastingar - Biletkategori
4118.jpg
Gnr.117/3. Andre barnebarnet til Sigvald og Borgny, Linda Rosnes 18 May 2017
4117.jpg
Gnr.127/8. Potetåker i blom. Olai Mongstad står uti åkeren saman med sonen August. Poteter var salgsvare til Bergen, Fedje og kystfolk. 18 May 2017
4116.jpg
Gnr.127. MONGSTAD. 18 May 2017
4115.jpg
Gnr.127/16. Her ser me ”Storebua” i 1894 bygd av Ditlef Olsen Mongstad. Bilete er teke før Neptun Canning vart eigar. Eigar då var Harald Mongstad.Murbygget ”Fabrikken” var også bygd av D. O. Monstad (skal han kallast Monstad, Reidar trur dette) og stod ferdig til drift pålag då 1. verdenskrig slutta i 1918.Eigar då biletet er tatt var Nils Solheim som dreiv mekanisk verkstad (og bustad) og leigde det til Neptun Canning som dreiv hermetikkfabrikk der i mange år. 18 May 2017
4114.jpg
Gnr.127. Mongstadvågen i brislingsesongen 1932-1933 1932-1933 18 May 2017
4113.jpg
Gnr.127. Litt av Mongstad med Mongstadvågen. Bildet viser ”Kjerringavika” og naustet heime på garden.Naustet heilt til høgre på fotoet. Bygget litt innanfor er ”nothuset”. Nothuset var felleseigd av alle hovedbruka på Mongstad, og plassen mellom nothuset og naustet vårt var offentleg tørkeplass for nøter, og som alle hadde rett til å bruke. 18 May 2017
4112.jpg
Gnr.127/8. Heimegarden sett frå nabobruket (Mons Mongstad, seinare Sigurd Straume) 18 May 2017
4111.jpg
sjekk! dette biletet manglar tekst18 May 2017
4110.jpg
Gnr.127/8. far min Olai Mongstad med 4 sølvrevungar. I høgre billedkant litt av eit revehus. Slike hus hadde alle vaksne revar den første tida (avlsdyra). Dei var avdelt inni med soverom og hems. Soverommet var på ein del isolert. Ein person frå Lindås var det som lærte far korleis revehusa skulle lagast. Eg trur han heitte Gjengedal. Kyrkjesongar i Lindås, lærar Lothe var med på oppstarten av revefarmen på Mongstad. Om han var parteigar det er eg usikke på. 18 May 2017
4109.jpg
Gnr.117/8. ”Kvalpeskuret” på revefarmen heime. Biletet er teke etter at revefarmen vart redusert frå stor til liten.Frå starten var det eit parteigarlag der fleire i distriktet var eigarar, og far var medeigar og dagleg styrar. Det gjekk godt dei første åra, med salg av livdyr og gode skinnprisar, og det vart utbytte på eigarane. Premiesløyfer for fine sølvrevar både i Oslo og Bergen.Men då krakket kom med kraftig nedgang i skinnprisane, vart parteigarlaget oppløyst, og største delen av farmen reve ned. Far min Olai Mongstad dreiv vidare, men i mykje mindre målestokk. Då vart ”kvalpehuset” bygd. (Far min, Olai til venstre, Gudmund (bror) Henrik (med hatt) og August (bror) truleg frå 1934. Revefarmen vart avslutta truleg i 1941. Ca.1934 18 May 2017
2495 filer på 250 side(er) 40