Bilete frå Lindås bygdebok

Bilete samla inn i samband med Lindås bygdebok
Søkte filer - "fritid"
0549.jpg
Gnr.106/4. Tollef Fanebust. Han var blind, men utruleg flink til å spela trekkspell.Han spela ofte til dans. Her i godt lag med trekkspelet i tunet på Fanebust.
0610.jpg
Gnr.91/? På Holmetur i Fjellangervågen. Frå høgre: Hilda Holmås, Idunn Holmås, Nils Holmås, aud Holmås og to byjenter som var på besøk. Sumarsdag var det den tids utflukt å ro ut til Brundtlandsholmane om sundagen. Der kokte ein kaffi, fann fram mat og saft frå nistekorga og hadde det triveleg. 1945 eller 1946
0614.jpg
Gnr.103/40. Gunvor og Bjørn Fjellanger nede ved Fjellangervågen.
0660.jpg
Gnr.104/2. Badeliv i Snekkevikje. Bak frå høgre:Olav Rognø, Rolv Haukås, 2 ukjende, Erling Haukås, Karstein Haukås, Kåre Rød. Rett før krigen
0670.jpg
Gnr.104/1. Olga Karin Haukås f. Krokeide og Einar Haukås på skitur. 1969
0747.jpg
Gnr.104/5. Saniteten på Haukåsskolten i 1928. Frå v: Maria Låstad Lygre, Aletta Fanebust, Gudrun Dalstø Lothe, Marta Holmås, Birgitta Natås og Elida Magnussen ligg framme. Lindås Sanitetsforening vart skipa i 1914. 1928
0748.jpg
Gnr.104/5. Lindås Sanitetsforening på tur til Haukåsskolten. Frå v.: Maria Låstad Lygre, elida Magnussen, Aletta Fanebust, Maria Stene, Bergitta Natås, Marta Holmås sitt framme. 1928
0762.jpg
Gnr.108/10. På tytebærtur. Bildet er teke ved Stenekaien. Damene er på veg til bærskogen i Spjeldnesmarka. Gudrun Dalstø Lothe, Sofie Låstad Lygre og Borgny Dalstø Stene (startar motoren).
0770.jpg
Gnr.108/1. I Kvalen. Kårdis og Jakob Tykhelle, Martin Kolås, Solveig Gjengedal Fanebust, Odd Leirvåg, Kamilla Kolås, Agnes og Helene Ådnevik, Ingolf Kolås, Emma Kolås, Klaus Natås, Konrad Tykhelle og Johnny Johnsen. Bildet er frå grammofonens tidsalder. 1930-31
0832.jpg
Gnr.104/4. Torstein Steffanson Varmedal frå Island, og kona Hilda Eliasdatter Haukås. Torstein og Hilda ser fjernsyn. Mellom 1961 og 1966.
79 filer på 8 side(er) 1