Bilete frå Lindås bygdebok

Bilete samla inn i samband med Lindås bygdebok
Søkte filer - "gravferd"
0612.jpg
Gnr.103/6. Grav ferda til Åse Fjellanger som drukna 6 år gammal. Dotter til Anna og Hjalmar Fjellanger på Høyen. Rundt kista står frå venstre: Martin Haukås med hatt, Anna Fjellanger f. Haukås med armen rundt Liv Fjellanger og Jon i handa, Hjalmar Fjellanger med Terje foran seg. Johanna Mathilde Fjellanger f. Kaland, Borghild Iversen f. Fjellanger, Einar Haukås, Maria Haukås, Margit Andersen f. Haukås, Knut Fjellanger og Oddleiv Fjellanger. 1951
0622.jpg
Gnr.104/3. Gravferd frå Grytenest på Haukås til Brita Hansdatter Fjellanger. Dette bilde er teke like sør for husa på gnr.104/3 Haukås. Eigar i dag er Hans Jarle Haukås. Bakgrunnen er litt av Fjellangervågen, Brundtland, Gaulenåsen og Konglevoll. Me sa alltid dei på Træ, men det er meir sjeldan no. Eg kan hugse husegrunnane som var brukte til steingard mellom bnr.2 og 3 under utskiftinga i 1958. Dei stod like bak haugen på bildet. Jordkjellaren står ca. 60 m lenger sør, og står der den dag i dag.Barna på bidlet var fødde her på Gryteneset som det er kalla. Grunnen er at det er 2 gryter nede ved sjøen. Desse folka, Ole Nilsen Saltnes kjøpte eit gardstykke som vart bnr.10 på Haukås der etterkommarane bur no. Dei flytta frå Grytneset i 1902-03. Kona til Ole Nilsen, Ingeborg, var fødd på Haukås og foreldra heitte Ole Arnesen Bruvoll, 1829-1891, g.m. Brita Hansdotter Fjellanger (Træ) 1840-1903. Rasmus Holmås, eigar av bnr.3 flytta frå Raunhaugane i 1902. Han står bak til venstre for Nils Ingebrigtsen med kvitt skjegg og stav, bak Katharina står Elisabeth Marie 27 år, Ingeborg Bergitta 25 år, Berta Malena 16 år og tvillingsøstera Olufina Barbara som døydde av tuberkulose i 1917 30år gammal, bror til desse jentene Knut Teodor, Hans og faren deira Ole Hansen Fjellanger står heilt bak til venstre 1, 2, og 3. Knut Teodor var på redningsskøyte, sjå lua, Hans og faren med hatt.Kvinna med kvitt hovudplagg bak Nils og vesle Arne på armen er Barbu Knutsdotter Haukås og er kone og mor til dei nemnde. Arne Haukås vart kalla Ådne og kona Ingeborg med kvitt hovudplagg står bak barneflokken og han Nils med kvitt skjegg og stav. Mannen bak Katharina med skjegg og hatt er Berge Gunnarsen Fjellanger. Mannen til høgre for Berge og bak Elisabet Marie er Peder Martin Jørgensen Haukås som eigde Gryteneset. Bak Berta Malena står Sina Jakobsdatter Fjellanger og bak henne ektemannen Kristian Monsen Kvalvåg. Elles må dette vera folk frå Haukås, Fjellanger og Saltnes
4046.jpg
Gnr.127/14 Gravferda til Johannes Mongstad. Han var i marinen under krigen og blei såra i Korsfjorden og døde då han kom attende til England.Det er Bertine mora til Johannes i svarte klær, ved sida av henne søstera Astrid med blomar. Bak til venstre Jakob Mongstad og Harald Mongstad bak på andre sida av kista.
   
3 filer på 1 side(er)