Bilete frå Lindås bygdebok

Bilete samla inn i samband med Lindås bygdebok
Søkte filer - "landskap"
0875.jpg
Gnr.104/8, 9, 11 og 15. Bnr.14 er Haugatun. Me ser her heimehusa på 104/8, 9, 11 og 15. Til venstre kalla Parken. Det er løa me ser.Her låg krambua ved Trondhjemsvegen som vart flytta til Fanebustsjøen og brann opp der. Det var Herlaug Holmås som arbeidde med dette. Lengst oppe ligg torvhuset. Syd for torvhuset ligg kabelhuset til Televerket. I huset på bnr.8,9,11 og 15 var telefonsentralen ei tid. Haugatun ligg til høgre/14. I bakgrunnen Lindås-myrane. Oppe til venstre Kolås. Husa på austre Lindås med mange små torvhus til høgre.ope til høgre øvre Fanebust. Trondhjemsvegen, også kalla postvegne kan me skimte. Parken løa er frå 1800 talet. Dette biletet er bedre enn 685 Før 1960
0896.jpg
Gnr.108.. Utsyn frå Spjeldnes mot nordre Apalbakken, Kalvetræet og kyrkja. Her ser me handelsstaden på Stenekaien og det gamle meieriet bak dei andre husa. Lenger bak ligg sanitetshuset og tinghuset. Våningshuset til Karl Anders Stene til venstre. Her ser me bakeriet aleine nede ved sjøen,og pensjonatet aleine, lenger nord på toppen kyrkja og prestehusa.
0909.jpg
Gnr.108, bnr,3. Landskapsbilde. Søre Apalbakken. Det nye bustadhuset bygd 1895 og dei gamle husa på husmannsplassen på Søre Apalbakken.*Gnr.104/8. Haukås si gamle kvern i presteelva. Tunet på husmannsplassen Prestbrubakken, tunet på Helgestykket. Tunet til Arne Anderseon Haukås. Desse husa er flytta til Haukås no, 104/25.. Ca.1900
0920.jpg
Gnr.127. Parti frå Mongstad. I forgrunnen fabikkane på Mongstad.Fremst Neptun Cannings Hermetikkfabikk, seinare påbygd. Bak: sildefabikk, seinare garveri og skofabikk, systove, og til slutt Solheims motorverkstad. Elles ser me nokon av husa og nausta på Mongstad. Naustet heilt til ventre var det Ditlef O. Mongstad som eigde. Nothuset skal og ligge attom trea . Naustet rett fram er Sigurd N. Straume sitt naust.
0944.jpg
Gnr.117/4. Her ser me husa til Alf Borgen på Rosnes. 1961
0945.jpg
Gnr.117/ 11. Anders Rosnes sine bustadhus som no er overteke av Oddbjørn Rosnes. Ca.1961
0946.jpg
Gnr.123/1. Her ser me husa på bnr.1 Risa i forgrunnen og til venstre husa til Harald Risa. 1961
0947.jpg
Gnr.108/3 – 32 – 50. Her ser me dei gamle lensmannshusa bnr.50. I midten ser me det gamle post- og telefonhuset bnr.3, og huset lengst til venstre bnr.32 som lensmann Eilif Stene sette opp. 1961
0948.jpg
Gnr.96/1. Husa på bnr.1 til Kari Ellingsen, Sigmund og Torkel Nedrebø. 1961
0949.jpg
Gnr.96/2. Her ser me husa på bnr.2 før dei vart ombygde. 1961
51 filer på 6 side(er) 1