Bilete frå Lindås bygdebok

Bilete samla inn i samband med Lindås bygdebok
Søkte filer - "samferdsel"
0477.jpg
Gnr.106/14. Avbilda stad Bergen. Storebussen på festplassen i Bergen. Under krigen 1940-45 var det lite bensin å få tak i. Dei prøvde med vedgass ein ovn, kalla generator, vart montert bak på bussen då det var bensinmangel. Omnen var 2m høg og 2 sekker ved fekk plass i den. Veden vart kappa opp i småbitar ca. 7 cm. I alle variantar. Desse vart kalla knott. Treslaget som var best var older. Det kunne brukast bjørk, men den var ikkje like godt egna då det vert meir tjære då. Desse generatorane vart sette opp på fleire bilar etterkvart som det vart mindre bensin i handelen. Motoren drog ikkje godt med denne vedgassen. 1943-44
0481.jpg
Gnr.108/1. Hjalmar Fanebust og ”forden” på kyrkjbakken. Den første personruta i Lindås. Her parkert ved Lindås kyrkje. År 1923
0482.jpg
Gnr.106/14. Ved Fensfjorden. På veg til Bergen med ”Høvding”. Frå v.: Gerhard Leirvåg og Hjalmar Fanebust. Mannen som fører Høvding er Botolv Tykhelle. Bilen er godt surra for ikkje å fara på sjøen. Var ikkje komen bilferje. Siste privatbilen til Hjalmar Fanebust. År 1928
0483.jpg
Gnr.103/8. Ved Vågseidet. Dei to første bilane til Hjalmar Fanebust. Tom Lygre køyrde den eine bilen. Den første Forden og første bilen på Lindås. R288 og R891. År 1924
0484.jpg
Gnr.106/8. Fanebustsjøen. Den første ferja mellom Masfjorden og Lindåslandet gjekk frå Fanebust. Seinare var det frå Sævråsvåg. Ottar Fanebust skal her med ferja ferja frå Fanebustsjøen til Solheim. I samband med samkjøring med Fylkesbåtane Sogn og Fjordane. Etter 1945 (1955?)
0485.jpg
Gnr.106/14. Ottar Fanebust kjører kjølevogn. Kjørte fiskemat frå Byrknes til Oslo for NKL-lageret og S.lageret og til Fredrikstad Stoler Jakobsen. Av og til til Gjøvik med denne kjølevogna.
0490.jpg
Gnr.106/8. Ved Fanebustkaien. Her hentar Hjalmar Fanebust passasjerar ved Fanebustkaien i den første bilen hans R288
0590.jpg
Gnr.104/8 og 9. Frå telefonsentralen på Lindås. Frå høgre: Sofie Låstad Lygre, Olaug Solheim og Ragnhild Kongevoll. 1975
0760.jpg
Lindåsosane. Auren. M/B AUREN var ein passasjerbåt som Karl J. Karlsen son av Tormod Karlsen og Camilla f. Støldal, kjøpte i 1945 for å driva passasjertrafikk mellom Lindås og Bergen i konkurranse med Lindaas & Masfjorden Dampskibsselskap AS. Auren var sopass liten at den slapp gå gjennom Slusene, den gjekk gjennom Lurestraumen, for å komme ut i Lurefjorden. Som ein ser so er båten driven med vedgass, generatoren ser du bak styrehuset. Olje var det knapt om i frigjeringsdagane. Framme på dekk er Arnold Østrem, svoger til Karl J. Karlsen, og i styrehuset er Fimreite, deleigar i båten og skippar.Auren hadde ei kort tid i passasjertrafikken, den laut gjeva opp. Spesielt minnes ein at det var Auren som førde heimatt Lindås sine Tysklandsfanger, Odd Solem frå konsentrasjonslæger og Knut Spjeldnes som vart arrestert av tyskarane i august 1943, og sat i tysk fangenskap, saman med andre arresterte norske offiserar.
0790.jpg
Gnr.108/2. Her ser me eit parti frå Lindåsosane.Spjeldnesferga på veg frå Kalvetre til Spjeldnes. Me ser innover mot Haukåsstraumen. 1930-åra
58 filer på 6 side(er) 1