Bilete frå Lindås bygdebok

Bilete samla inn i samband med Lindås bygdebok
Heim > Biletkategori > Biletalbum

Mest vist - Biletalbum
0329.jpg
Vist 251 gongerGnr.102/5. Landskapsbilete med tunet på gnr.102/5 i Lindås og personane som budde der.Frå venstre Marta, Martin, Trygve – barneheimsbarn oppfostra reiste som vaksen til USA, ”Tauselina” – tenestejente, Arne Ivarson Vabø –kom til Vabø 2 år gamal til tante Marta og filleonkel Martin, og vart seinare verande der, ville ikkje heimatt. 1800 ca (kan det stemma?)
0387.jpg
Vist 251 gongerGnr.110/5. Frå høgre Kåre Kolås her i stova saman med svogeren Johannes Syslak.
0437.jpg
Vist 251 gongerGnr.127/?. Sildefabikken på Mongstad. Ved tremaskina på hermetikkfabikken på Mongstad. Fram til dei fekk denne maskina tredde dei silda med hand. Frå v.: Haldis Langøy, Anna Ulvøen, Annemor (Anna) Mongstad og Erna Kaland. Ca.1968-1970
0607.jpg
Vist 251 gongerGnr.103/4. Hilda Holmås f. Eide. Koppelam, katt og høns gjekk om einannan på tunet. Ca.1960
0609.jpg
Vist 251 gongerGnr.103/4. I slåttonna måtte heile familien ta sin tørn. Her vert alle fire borna i Hølo fotografert som ein belønning, sumaren 1946. Idunn har på seg ein kjole som er sydd av fallskjermsilke frå Masfjordfjella. Frå v.: Nils Holmås, Olav Holmås, Idunn Holmås og Aud Holmås (framom). 1946
0614.jpg
Vist 251 gongerGnr.103/40. Gunvor og Bjørn Fjellanger nede ved Fjellangervågen.
0629.jpg
Vist 251 gongerGnr.104/56. Åsta Haukås og hunden Lady nede ved naustet i Haukåsstraumen.
0725.jpg
Vist 251 gongerGnr.109/1. Dette er arbeid som kunstnaren Katrine Saltnes har laga. Bilde 32: Portrett av prost Hveding
0757.jpg
Vist 251 gongerFiskefangst v. Gamle prestenaustet v. Lindåsosane. Hausten 2000
0786.jpg
Vist 251 gongerGnr.108/2. Jakob A. Stene. Biletet er teke ovanfor Tinghuset. 1960
2495 filer på 250 side(er) 106