Bilete frå Lindås bygdebok

Bilete samla inn i samband med Lindås bygdebok
Heim > Biletkategori

Mest vist - Biletkategori
Scan0068.jpg
Vist 394 gonger92/1 Husa på gnr.92, bnr.1. Løa var ny i 1938. År 1938
0569.jpg
Vist 393 gongerGnr.103/2. Innkjøring av tørrhøy. Sigmund Bakke på ”gråtassen” med barna Nils Markus framme og Kjersti Linn i fanger. 1984
0622.jpg
Vist 393 gongerGnr.104/3. Gravferd frå Grytenest på Haukås til Brita Hansdatter Fjellanger. Dette bilde er teke like sør for husa på gnr.104/3 Haukås. Eigar i dag er Hans Jarle Haukås. Bakgrunnen er litt av Fjellangervågen, Brundtland, Gaulenåsen og Konglevoll. Me sa alltid dei på Træ, men det er meir sjeldan no. Eg kan hugse husegrunnane som var brukte til steingard mellom bnr.2 og 3 under utskiftinga i 1958. Dei stod like bak haugen på bildet. Jordkjellaren står ca. 60 m lenger sør, og står der den dag i dag.Barna på bidlet var fødde her på Gryteneset som det er kalla. Grunnen er at det er 2 gryter nede ved sjøen. Desse folka, Ole Nilsen Saltnes kjøpte eit gardstykke som vart bnr.10 på Haukås der etterkommarane bur no. Dei flytta frå Grytneset i 1902-03. Kona til Ole Nilsen, Ingeborg, var fødd på Haukås og foreldra heitte Ole Arnesen Bruvoll, 1829-1891, g.m. Brita Hansdotter Fjellanger (Træ) 1840-1903. Rasmus Holmås, eigar av bnr.3 flytta frå Raunhaugane i 1902. Han står bak til venstre for Nils Ingebrigtsen med kvitt skjegg og stav, bak Katharina står Elisabeth Marie 27 år, Ingeborg Bergitta 25 år, Berta Malena 16 år og tvillingsøstera Olufina Barbara som døydde av tuberkulose i 1917 30år gammal, bror til desse jentene Knut Teodor, Hans og faren deira Ole Hansen Fjellanger står heilt bak til venstre 1, 2, og 3. Knut Teodor var på redningsskøyte, sjå lua, Hans og faren med hatt.Kvinna med kvitt hovudplagg bak Nils og vesle Arne på armen er Barbu Knutsdotter Haukås og er kone og mor til dei nemnde. Arne Haukås vart kalla Ådne og kona Ingeborg med kvitt hovudplagg står bak barneflokken og han Nils med kvitt skjegg og stav. Mannen bak Katharina med skjegg og hatt er Berge Gunnarsen Fjellanger. Mannen til høgre for Berge og bak Elisabet Marie er Peder Martin Jørgensen Haukås som eigde Gryteneset. Bak Berta Malena står Sina Jakobsdatter Fjellanger og bak henne ektemannen Kristian Monsen Kvalvåg. Elles må dette vera folk frå Haukås, Fjellanger og Saltnes
0654.jpg
Vist 393 gongerFestplassen – Kalvetræhola. Ungdomslaget sin leikarring i aksjon på Lindåsstemna. 1946
0799.jpg
Vist 393 gongerGnr.97/5. 72887 Kristen Laastad med Rapid motorslåmaskin saman med 84215 Agnete Laastad Kvamme (barnebarnet). 2000
1701.jpg
Vist 393 gongerGnr.124/1. ”Austrheim” på veg til Risa. ”Firda” på veg ut fjorden. Ca.1933
0528.jpg
Vist 392 gongerGnr.106/11. Bak frå v: 24909 Harald Hansen, 24915 Tor Egil Hansen. Framme frå v: 24916 Wibeche Hansen, 12379 Margot Fonnes, 12917 Trude Hansen.
Scan0053.jpg
Vist 391 gongerGnr. 105/4. Familiebilde. Lasse Erikson Holmås og hans etterkommera. *Bakerst frå venstre: Herlaug Andreas Lasseson Holmås, Karolina Hauge (hushjelp) seinare gift Rosnes,Karl Henriksen Fanebust, oppfostra på Holmås, då mora døydde i barsell. *2.rekke: Sigrid Elisabeth Herlaugsdatter, gift Kvinge, Rolv Lasse Herlaugson Holmås, jordmor Marta Bertina Hauge, gift med Herlaug Holmås, Lasse Erikson Holmås, og Berta Josefine Holmås, gift Sandnes.*1.rekke: Egil Artur Holmås, Ruth Holmås, gift Fjellanger og Fridtjof Lars Holmås.*Biletet vart teke den dagen Karl for til Amerika. År 1922
Scan0062.jpg
Vist 391 gonger87/1 Lukkeleg heimkomst frå krigsfangeskap. Knut, Anne og Astrid Spjeldnes. Knut er iført førkrigsuniform. juni 45
Scan0090.jpg
Vist 391 gongerGnr.115/1. Bryllup i Kårdal. Ivar Kårdal og Eldbjørg Børtveit med bryllupsfølgje. Andres Buene var sjåfør. År 1952
2495 filer på 250 side(er) 32