Søkte filer - "gnr.102" |
Gnr.102/8 og 102/9. Teke på Vabø utanfor huset. Bak frå v.: Dagfinn, Karl, Johanna, Marta. Borghild med Magnhild på fanget, Magne, Sofia og Olai. *Fotografen var ein preikar som reiste rundt og tok bilete. Han tok 5 kr.for jobben. Ca.1932
|
|
Gnr.102/8 og 102/9 Bryllaupet til Sofia Vabø og Ivar Andås. Flaggberar Magne Vabø. 28.06.1947
|
|
Gnr.102/8 og 102/9. Utanfor huset. Frå v.: Kjellaug Andås, Magnhild Vabø, Maria Dyrdal, Johanna Vabø, Hjørdis Vabø, Oddlaug Dyrdal. Bilete er teke i bryllaupet til Sofia og Ivar Andås. 28.06.1947
|
|
Gnr.102/8 og 102/9. Gardshuset og utsikt over sjøen med Litleøyna – mot Masfjorden. Tatt frå Ørnatua. Ca.1950
|
|
Gnr.102/7. Selma med barneflokken framfor huset og løa.Bak frå v.: Halldis, Olga, Selma med Aslaug i handa, Magny. Framme frå v.: Sverre Ragnar og Sigvald. År 1934
|
|
Gnr.102/7. Sigurd og Selma Vabø. Sigurd vart oppfostra på Vabø , (gnr.102/8 og 9) hjå Helena og Ole. Han vart havnearbeidar av yrke. Han arbeidde m.a. med ein molo på Bremanger. Der traff han Selma. Dei kjøpte eit stykke jord av Baste Vabø og bygde hus der. Dei fekk 7 born. Sigurd døydde 46 år gammal av blodforgiftning i eit sår. År 1917
|
|
Gnr.102/2. Frå v.: Jan Vabø på landet, og Margrete og Steinar koser seg med hesten Fritjof. Denne hesten fekk ein trist død. Dei leita etter han i 14 dagar. Dei fann han i sauesankinga, då stod han fast mellom sprakar og med beina fast nede i ei grøft. Han tørsta og svalt i hel etter å ha ete det han fekk tak i. År 1963
|
|
Gnr.102/2. Våningshuset og driftsbygningen på bnr.2.
|
|
Gnr.102/2. Til venstre båten og naustet til Harald Fjellsbø. Til høgre naustet til Gustav Otto Vabø. Båten til Gustav ligg for anker. År 1983
|
|
Gnr.102/2. Båten til Gustav Vabø. Denne båten har Gustav bygd sjølv i løa si. Alle naboane var med og drog han til sjøss då den var ferdig. Her ser me den ligg på Vabøvågen. År 1982
|
|
|